lørdag 11. august 2012

Bytur/jentetur


Laurdag var det jentetur til Stavanger . Flott byver fekk me og. Var innom den fargerike gaten. Det fyrste kafebesøket var der:) Vi hadde ikkje mindre enn tre kafebesøk på turen.....like glad i kaffi alle tre.


Litt crasy men slik er det i den fargerike gaten......mykje miljø. må igrunnen bare opplevast.



 Har kome langt no når eg må ha brillene rundt halsen på byturen. Fann iallefall ut det var mest praktisk. Ellers var det opp og ned av veska. Det sparde me for mykje leiting og eg kunne faktsisk sjå kva ting kosta og:))






 Innom Sølvberget Blomsterhandel er viktig....






Kom og over denne kule boksen til ha maskinvaskepulver i, den nye hybelbeboaren såg bruk i den. Slik kan vaksepuler bli nesten pynt på hybelen:)) To pakkar med Omo pulver fekk akkurat plass i boksen....perfekt. Kjøpt på Kremmerhuset.


 Hårpynt til kr 10,- på Fretex fall og i smak! Hjå noen av oss.


 Litt ullkuler  og vatt fekk og vere med heim. Eg trengte meir vatt til teppet eg skal quilte i morgon.


 Desse fargeblyantane frå Søstrene Grene vart nok kjøpt pga design og ikkje behov skal eg være heilt ærleg.

 Ikkje ofte ein kjøpe sko til kr 2.- pr. par. Det var dei verd:) Kule???


Innom Rom for mer, ein fantastsik flott interiørbutikk med mykje inspirasjon.

Dette vart eit lite glimt frå  byturen vår idag.
Gillt med jentetur.



Jamen klarte me å få til eit kafe besøk på vegen heim og. Det er langt mellom Stavanger - Kleppe av og til.  I dag hadde me to stopp, Ikea i tilegg til kafebesøk på Newsman der Oreo isfrappe vart prøvd I grunnen eit måltid i seg sjølv. Smaka godt vart det sagt.

Takk for godt reisefølge.

klem 
lilladør

1 kommentar:

  1. Stavanger er en flott by. Ser ut til at dere fikk kost dere skikkelig.

    SvarSlett