lørdag 18. februar 2012

Laurdag ettermiddagskos i sofakroken


Gildt å krype opp i sofakroken med spøtet. Nett no held eg mellom anna på strikke genser til junioren. Arne & Carlos Space Invader genser. Eg strikka den i Pt5 sport. Eg har ikkje så mykje igjen før eg er ferdig.


Slik er utsikten frå sofakroken min idag. Innannfor vindauget har store variasjoner men utforbi er meir stabilt der eg ser nedover mot Sele og Freistein fyr.



 Desse marimekko bordskånerene er eg glad i . Kjekke til ha under te og kaffi koppen. Eg har sydd dei av marimekkostoff som eg har lagt opp på vatt med lilla bakstykkestoff i bomull. Deretter sydd rundt blomsten fleire gonger med maskin før eg klipte den ut. Eit tips: Broder namn på blomsten, då er den ypperleg som bordkort og gjestene får ein liten hilsen med seg heim:) Når eg syr namn på blomsten opphever eg transpotøren og bruker samme teknikken som når eg frihåndsqulitar med maskin.


 No er eg klar for siste delen av bolen ....


Mønster fann eg på nettet hjå Dale. Gratis mønster!


 Eg har mange slike ulike korger med diversse strikk alt etter lyst og humør:) Kanskje det er nokre som kjenne seg igjen.
Og så har eg ei stor korg eg kan putte alle desse småkorgene og posane opp i. http://lillador.blogspot.com/2011/07/korga-mi.html




Ha fin helg! 

6 kommentarer:

  1. Den roselysestaken smelta meg heilt. Godt eg ikkje er ein snømann:)
    Om eg kjenner meg igjen, jaaaaaaa. Eg brukar mapper ala dei eg syr for tida. Då er det lett/kjapt å berre ta det med seg i handveska når ein skal bort eller på reis. Takk for info vedr. sying av bordskånere.
    Ha ei fortsatt god helg!

    KariLklem:)

    SvarSlett
  2. Fantastisk utsikt du har fra stuevinduet :)
    Genseren blei kjempetøff....
    Kos deg med strikk og god kaffi og ha en fin helg :)

    Klem Hege

    SvarSlett
  3. Flott genser du stikker ....kjekt å høre at det er andre som har flere arbeid på gang....her er det goså i poser og korger

    En forsatt fin helg til deg

    Klem

    SvarSlett
  4. Mykje fint å sjå her av både det eine og det andre :)Flott genser :)
    Ha ein god og kreativ søndag :)
    Klem Laila

    SvarSlett
  5. For en super genser du strikker!! :O)

    SvarSlett
  6. Fin genser :) Og så sitter jeg her og smiler over den store korgen hvor stikketøyene får hvile mens du holder på med andre prosjekter. Den tar en del ser jeg :)
    Klem fra Tine

    SvarSlett