tirsdag 7. februar 2012

Ein tur heimover....


Mykje snø og kaldt. Men det vart bedre tempratur etter kvart. I grunnen godt med vinter og. Sjølv om eg måtte ut og måke litt:) Bildene er tatt i frå døråpningen......fantastisk plass.


Eldkveden var reine kunstverket.


 Såg mykje fint som var hekla: Desse flott kjolane hadde ei dame hekla til mamma. Det skulle være grytekluter men eg syntest dei var kjempeflott til pynt der dei hong på kjøkkenet.  Attåt dei kvite lingardinene med blått broderi.


 Var det ikkje ein flott gammal hekladuk som låg på spisebordet. Måtte bare ta med eit par bilde av den. 




  Inni mellom var det tid til litt håndarbeid, det høyre helga til. Fekk komme i gang med vintervottane mine som eg har kjøpt på Ravelry. Vinterland av Wenche S. Roald.  Ei magnettplate med linjal på gjorde strikkingen mykje lettare, då eg flytta linjalen på mønsteret etterkvart som eg strikka. Sparde meg for mykje telling og merking:)


Litt broderi vart det og så stadig nærmare målet på broderiet mitt:)))

3 kommentarer:

  1. Her var det mykje flott i dag!

    Nydeleg handarbeid i alle varianter og flotte roser i nydeleg miljø;o)

    Håpar de har gode dagar både du og mor di!

    Solklem

    SvarSlett
  2. Sånne grytekluter kan eg huske vi hadde heime før, dei er flotte :) og kanskje best eigna til pynt !! Flotte vintervottar :) Ha ei god og kreativ veke :)
    Klem Laila

    SvarSlett
  3. Bestemor hadde og slike gryteklutar. Ho hadde og ei liknande dame på toalettrullen. Kjempekoseleg. Reknar med at du snart har klare nokre av desse.
    Ha ei fin veke.
    Ingeborg

    SvarSlett