mandag 17. oktober 2011

Dominostrikk













No er eg ferdig med puta i doministrikk.  Kjekt "sofastrikk" når du skal slappe av og vere sosial samtidig.  Har strikka den i Rowan fine tweed 25 gr. nøste i 100% ull. Det gjekk med ca 175 gram totalt.  Det var  godt å strikke med og kan anbefalast på det varmaste.  Garnet har eg kjøpt hjå Anny på Idestova på Bryne.
















Bakstykket har eg strikka rett strikk i striper mens framstykket er i dominostrikk.




Eg tar nok denne puta me meg på strikkekvelden i Florø i november. Kanskje nokon har lyst strikke ei slik eller noko liknande. Sette sine farger på. Kva med vinterfarger? Nostalgiske farger? 











Eg er nok veldig inspirert av haustfargane. Som dokke ser glir puta rett inn der:)








Ha ein fin haustkveld. Nyt den. Haustenkveldane  er flotte med masse lune farger og stearinlys.
Klem lilladør

9 kommentarer:

  1. Du er flink med farger, så fin den blei :-)

    SvarSlett
  2. Kjempe fin! :) Gla i deg :D Klem Ragnhild

    SvarSlett
  3. Den var kjempefine:-) Mine farger det der!

    SvarSlett
  4. Rett og slett nydeleg!!!

    Solklem

    SvarSlett
  5. Flottefarger , trur kanske eg må vere med på denne strikkekvelden sjølv om ikkje strikking er det eg styrer mest med
    Gle meg til du kjem !
    Klem Laila

    SvarSlett
  6. Hallo - nå får eg til å legge inn kommentarer på bloggen din.
    Nydelig pute - flotte farger og spennende strikketeknikk. Har lagt ut bilder av sjal på bloggen min i dag. Det er høst, strikketid og tid for å bruke varme sjal og skjerf!!

    SvarSlett
  7. Hei! Kjempefin pute i herlege høstfargar.
    Ha ein flott dag. Klem

    SvarSlett
  8. Varm og god å ha i ryggen på denne tiden, flott! Selv strikker og hekler jeg på garnet som jeg fikk til dagen min :) Nydeligt garn. klem fra Inger-Karin.

    SvarSlett
  9. Utruleg fin pute. Eg har strikka ein del i dominostrikk. Veldig kjekt strikk, men har ikkje laga puter før... Du ga meg ein ide der, so då blir det nok puter av dei to eg har liggande. Tusen takk for tipset! Klem

    SvarSlett