tirsdag 5. november 2019

Plantefargingskurs del 1



Siste helga i oktober var eg og ei venninne til Drammen på eit plantefargingskurs. Kjempekjekt.
Me var på Spinnestua sitt kurs. Tema for kurset var Eksotiske natur- og
plantefarger. 

Me farga med annatto, alkanna, blåtre, rødtre, henna, kochenille, smørvalnøtt for å nemne noko. Skal få se dei enkelte resultata seinare. Må få vinna opp og laga bunter fyrst. Har fått vaska garnet klar til å nøste dei opp. Bildet over her er kochenille.




 Indigo er spennande til å trylle fram fine blåfargar og til å overfarge garn..... til lilla, grønn etc.


Fin bukett med garn ifrå kurset.


Klem
Lilla dør

torsdag 24. oktober 2019

Førebuing til plantefargingskurs



 Til helga skal eg på plantefargingskurs i Drammen. Eksotiske natur og plantefarger heiter kurset. Gleder meg :): I kveld har eg laga ulike hesper av ullgarn. Det garnet som var i bunter, laga eg hesper av. Brukte det gamle hespetreet eg har arva..... ikke kvar dag det er i bruk.




 Ulike garnkvaliteter. I morgon skal eg legge garnet i vatn ......slik det er klar til lørdag. Så i kofferten til Drammen lørdag morgon er det masse vått garn. Dette blir moro.


Nytt blogginnlegg over helga, slik at dokke kan sjå noko av det vi holdt på med i helga. Håper på ei fargerik helg.

Klem
Lilla dør

onsdag 23. oktober 2019

Novice-genser til prinsessa mi på to år



Dette er min tredje novice-genser. Eit Petiteknit-mønster.

Strikka den i Kos tweed Sandnes garn og brukte total 125 gram på genseren. Størrelse 2-3 år. Strikka eit pannebånd av restane på nøste nummer tre. Blir kanskje litt dokkeklær av resten. Kjekt å bruke opp restane.



Pannebåndet strikka eg på tvers og til ønska lengde. Det passa perfekt til tulla vår på to.



Klem
Lilla dør

mandag 21. oktober 2019

Toalettveske til eit barnebarn



 Eg har sydd  ei toalettveske til barnbarnet mitt på to år....klart ho må ha toalettveske når ho skal overnatte hjå bestemor. Til å ha tannkosten, tannkremen og hårklemmene i....


 Stoffet er fra Stoff og Stil




 Stoffet er quilta med maskin med bordet i,  slik at det blir stødigt og stabilt. Foret i toalettveska er av mjuk voksduk slik at det tåler litt fuktighet.



Klem
Bestemor

onsdag 16. oktober 2019

Haustkrans


I dag laga eg meg ein haustkrans ved ytterdøra..... eg er så fasinert av desse fine fargane. 


 Aroniahekk



 Eg samla saman ein del blader på plantebenken min ute på terrassen i kveld. Kjekt å være ute med slikt arbeid. 


 Tredde bladene inn på ståltråd .



 Tilslutt knytte eg det saman som ein krans og pynta med hampetau før eg hang den opp ute ved døra. Sjølv om kransen vil tørke gir den fin effekt med fine fargar..... kanskje eg kan legge ut bilde seinare når den er tørka.



 Ha ei fin og kreativ veke!

Klem
Lilla dør

mandag 14. oktober 2019

Dokkeklubben på tur til Sirdalen


 Sydøgnet sin produksjon...  nokon sydde to remser andre ei. Men me lærte teknikken og har fått ein goe start. Mønster Tabbe mountain av Tula Pink. Mønsteret ligg på nettsida til Tula Pink som gratis mønster.


Sying, kaffi og godt lag kan det bli bedre


 Tid til litt mat innimellom hadde me og, - rømmegraut på fredagskvelden.



 Tula Pink sine stoff og...kjøpt i anledning teppet... kjekt men nesten litt for gale når eg tenker på stoff lageret mitt.



  ein 30 grads linjal brukte me til å skjære opp bitane


 Nesten lappeteknikk dette og . Ein fjellstubbe rett utanfor hytta til Linda. Takk for at vi fekk besøke deg og sy saman. Alltid kjekt med felles prosjekt!




 Så prøvde me oss på steinbakt pizza i fra bakeovnen til hytteeigarane. Kjempegodt....håper me får oss ein slik ovn på hytta vår og, det kunne ha vert noko.


No er det bare å sy ferdig teppet!

Klem
Lilla dør

søndag 6. oktober 2019

Innom syrommet i helga :))


 Sjå dei fantastisk fargane. Var litt innom syrommet i helga for å planlegge og nyte synet av desse fantastisk fine Tula pink stoffa. Etter planen skal eg på hyttehelg i sirdalen neste helg, eller rettere sagt "sy døgn".  Så få eg sjå kva vi får gjort. Kjem kanskje i gang med eit teppe ( les har mange halvferdig teppe som venter på quilting)



 Dette teppe av Tula pink er det planen vi skal sy.
Felles prosjekt er alltid jillt.


Bilde frå då ho var i Oslo i august.
Samme teppe som me skal sy!!!! Oppskrifta ligg gratis på sida til Tula pink


 Fortsatt i planlegging og leik. Viktig viktig og kjekt.


Beklager lenge sidan sist blogg.....har bare ikkje klart det. Har vore så mykje anna jillt og så har eg vore litt småsjuk ei tid.......høstforkjølse trur eg eg kaller det. Men no håper eg er igang igjen. Eit innlegg torsdag og eit til i dag.

Klem
Lila dør