mandag 3. oktober 2016

Fantastisk fin haustdag på jæren i går


 I går våkna me til litt kjølig ver og dis nedover markene mot Bore og Sele.


 Nesten trolsk



 Mot Gruda frå kjøkkenterrassen vår:)


 Men det var ikkje lenge før sola braut gjennom og me fekk ein fantastisk fin haustdag....med tur til Sele - Hellestø - Sele .




 Me hadde med kaffi og fekk nyte ustiken mot havet og Feistein fyr. 


 Langs sjøkanten låg det masse små skjell nesten som perler på ei snor.



Om ettermiddag fekk me besøk av nokre venner som ville sjå Midtgardsormen.... tur nummer to den dagen. Kan risikere å bli sprek. Men i alle fall ein flott tur det og.......i haustsola. 


 Njåskogen




 Takk for flott haustdag med mykje sol og lading av batteria

Klem
Lilla dør

søndag 2. oktober 2016

Opprydding etter stormen Karl sist tirsdag.


 Hausten fyrste storm kom litt brått på .... me hadde ikkje fått blomane i hus og vinden kom frå ein kant me sjeldan har vind her. I alle fall så fekk den hive ned nokre planter pluss pluss.




 Tujaen hadde fått piska seg godt....den låg utover heile benken etc,


 Laurdag var det sol og regn om einannan og då passa det godt med opprydding og spyling av terrassen. Blomane er komne på vinterlagring (dei fleste)



 Litt er det igjen og lyser opp. 


 Hagedama mi har inntatt hagesofaen



Det kan bli mange fine ettermiddagar og helger på terrassen ennå. Eg gleder meg til å ta kaffikoppen ut i haustsola og nyyyyte den.

Klem
Lilla dør

onsdag 28. september 2016

Sydde nokre puter i sommer..... gleder meg til neste sommer


 Inspiret av livbøyene sydde eg denne runde puta til å sittte på på brygga når eg nyter kaffien der.....
Litt bilde frå drømmeplassen:)



Vika-fjæra


Sydd i dongeri slik at den blir litt hardfør og kan tåle litt bruk:) det likar eg. Innerputa er i dun og den er i tillegg stor og fyldig. I grunn fantastisk å sitte på.....



 Pute nr 2 med vimplar og livbøye. Passa godt inn på benken ved naustet eller på benken ved hytteveggen. Eg får sommarstemning av dei. Begge putene er med i serien "Maritime gleder".....



Begge putene er eige Lilla dør design.


Klem 
Lilla dør

mandag 26. september 2016

Slumreteppe og "garnfiske"


 Eg har sydd eit slumreteppe til ha ved brygga eller på terrassen på hytta (når eg får det:)) .  
Sydd på lin og med ullfleece til bakstykke. 
Maskinquilta og applikert.


 Eg hadde teppet med meg ned til Sele hamn for å fotografere det .....  teppet var ein del av kursopplegg eg hadde i Florø sist lørdag som heitte "Maritime gleder." Eige design. 





 Sele hamn


Frå Sele hamn mot Feistein

Klem
Lilla dør

onsdag 21. september 2016

Flaskeskjuler og bordpynt :)


Garn og eit detaljbilde av "Makrellen"


Litt ulike størrelser. Kjekt å leike seg



 Dagens fangst



PS. tar i mot bestillinger på fiska og juletorsk (den må jo bli rød)!!!

Ha ein fin kveld.
Nyt dei fine hasustdagane 

Klem
Lilla dør

tirsdag 20. september 2016

Stemningsrapport frå terrassen i september



 Pelagoniane blomstrer for fullt ennå og gir fin sommarfølelse på terrassen fortsatt.







 Syrinhortensia,  ein type som blomstrar no utover hausten. Jillt med blomar om hausten og.



Denne var eg på vei til å hive etter ferien men etter litt omsorg og mykje vatning kom den tilbake og blomstrar fortsatt rikelig.


 Sist eg besøkte Ullrommet vart eg  igjen inspirert av farging ....sjå desse fiolane, som er blitt til den fine fargen på broderitråden.


Her rabarbra farging på gang:))

Sjå meir her om farging og besøk hjå Ullrommet.


Så no har eg sett mitt eige glas :) Kanskje får eg det til........ Har ein plan om å få prøvd meg på plantefarging og kaldfarging på krukke. Kanskje blir rababrarotfarging neste fargeprosjekt:)

Har kjøpt meg ei flott bok til inspirasjon og ideskaping....



 Fantastisk fint ver me har på Jæren for tida.... kan sitje ute til langt ut på kveldane, mørkt med sterarinlys og varmt .... det er kos. Ha ei fin og kreativ veke fortsatt....


Klem
Lilla dør