lørdag 21. september 2013

Grytekluter


 Gryteklutane er strikka i rillestrikk i dobbelt bomullsgarn. Har sydd hemper i bomullstoff frå restkorga, gjerne i ein kontrast farge.


Desse gryteklutane er perfekt for produksjon frå restekorga enten det er garnlaget elller stoff rester:)


 So no er det bare til byrja å bake. Eg tenkte å lage eplemuffins. Såg ei fristande oppskrift her; http://rosehagen-rosehagen.blogspot.no/2013/09/oppskrift.html
Har til og med fått meg nye muffinsformer frå house doctor



 Passsa perfekt til den "nye" gamle Cathrineholm gryta mi.


Forsatt goé helg.
Jillt du såg innom.
Klem
Lilladør

fredag 20. september 2013

Restestoff frå i sommar:)


 Eg har sydd to halser som er klar til levering til Bergen. I sommer vart syrommet, til stor glede for meg, brukt av den yngre generasjon. Dei produkserte ulike toppar, skjørt i ulike typer, halser, luer etc. No er eg i ferd med å rydde på syrommet og kome gang igjen med syinga etter heller laber aktivitet i sommar. Då fann eg desse stoffrestane på bordet. Etter to sømmer på kvart stoffstykke vart det to flotte halser.


 Klar til levering eller henting.



 Her to ganger rundt halsen.


 Begge halsane ein gong rundt halsen


Klem
Lilladør

onsdag 18. september 2013

Kjøkkenhåndkle





 Har strikka meg eit kjøkkenhåndkle no i sommer. Det har vore turstrikket mitt innimellom. Eg har strikka det i Havblikk med mønster frå Tante Grønn i Odense.


Klar til bruk:)



Kan bli nokre klutar og......eg likte godt garnet. Mange fine farger og godt å strikke av:)


No har eg byrja på eit nytt bilstrikk/turstrikk.  Det var med til Bratislavia i helga. Dette bilde er tatt på ein kaffipause ved Donau på søndag. Det nye strikket er i lekre haustfagar. Dette prosjektet er tenkt til gubben.


Ha ei fargerik veke forsatt!
Snart helg!!

Klem
Lilla dør

tirsdag 17. september 2013

ITO Japansk garn


Då eg var i Danmark i sommar var eg innom Tønderstrikk i Aarhus. Der kjøpte eg mellom anna 15 gr /246m ITO Tetsu garn. Eg hadde tenkt å strikke eit skjerf for hånd men fann ut at dette var vel utmerka å strikke på strikkemaskina:). 


 Strikka det over ca 35 masker med 10 i maskespenning


 Litt om garnet.
( Informasjonen om garnet og bilde er henta frå Tønderstrikk si nettside:)  se her
Det er fargen i midten eg har strikka av trur eg:)

TETSU

TETSU er laga av 61% silke og 39% rustfritt stål og er et "ekstravagant" garn til strikke-eksperimenter. Det rustfrie stålet tilfører garnet ”hukommelse” – det kan foldes, formes og dras i fasong. Raffinert til kanter, tørklær, smykker og til klesplagg i kombinasjon med andre garnkvaliteter. Tåler skånsom maskinvask, men håndvask anbefales.
Løpelengde: 15g / 246m


 Her har eg lagt det på steinen ute.....vart nesten litt meir blålilla enn orginalen. 


Si det med blomster heiter det visst, men hjarteleg
takk for alle kommentar på sist innlegg. Det er kjekt med  respons!

Klem
Lilla dør

onsdag 11. september 2013

September-inspirasjon og kaunigarn




 Idag har vi hatt ein fin haust/seinsommeadag med sol og klar luft. 
Til og med i ettermiddag var det fantastisk på terrassen. Med kaffikopp, nytt blad og høstfarga garn.......måtte det bli til noko.


 Kauni garn farge ( EP) 100% ull 





Eg strikka det på strikkemaskina .......strikka 2 meter:)


 Litt matt i fargen her, sikkert litt forlite lys til å ta bilde. Det byrja å mørkne. Skal ta nytt bilde ein annan dag når eg er heilt ferdig med prosjektet.


 Fin tre/busk som eg tok bilde av i sist veke hjå onkelen min. 
Eg synest det er nokre fantastisk flotte farger......
me er påvirkelige av fargar, no er det visst haustfargane som tiltrekker meg......
spennande å kunne få lov til å leike seg med fargar:) enten det no er garn eller stoff.
Eller?



Klar til å feste tråder og lune det.


 Kauni er fint ullgarn som finst i mange ulike farger. Dette biletet er frå butikken til Gjestal Spinneri i Oltedal


Nokre fargeprøver av kauni.
Ha nokre goé høstdager

Klem Lilla dør

tirsdag 3. september 2013

Høst med "igjenbruk " av blomane

8

 Desse løkblomane (kuleløk) var lilla og fine i sommar. No stod dei noko forkomne i bedet. Klar til bli luka bort.


 Men i vasen min i gangen kom dei til heder og verdighet igjen



 Så no pynta dei gangen min saman med ugla mi frå Maileg:)



Her tørka hotensia i ein rusta blekkboks.... rustikk og haustleg.
Jillt med litt igjennbruk i blomsterverdenen og :). I ein blomsterbutikk såg eg at dei selde tørka høymol, alt kan visst bli fint bare ein bruker det på rett plass til rett tid.
Ha ein goé veke forsatt.
Jillt at du ser innom bloggen og ekstra fint dersom du legg att eit livstegn!

Klem
Lilla dør

mandag 2. september 2013

Meterstokk


 No har eg fått min egen meterstokk :)


 Rekna med at guttane i heimen ser at denne er min:)


 Fin ikkje sant?


Itillegg fekk eg desse fargerike målebånda frå Ikea (som gåve). Ligg godt an no til nye prosjekt, enten det no er oppussing, strikk eller syarbeid. 


Klem
Lilla dør