onsdag 10. oktober 2012

Hausttur til Mjølfjell


 Sist helg hadde eg nokre dager på fjellet for å samle inspirasjon og for å nyte dei flotte haustfargane. Og dei var fantastiske. Her er ein liten smakebit av dei fine fargane me vart møtt av:) Det første  bildet vart tatt på ferja då me kryssa Hardangerfjorden.



 Sjølv om ikkje sola var heilt med oss var fargane det. Igrunnen ikkje rart om me omgir oss av slike fargar når det haustast. Me blir påvirka. Ser bare på strikket eg har hatt i det siste Det går i haustfargar og gylne fargar. 



 Eg klarte å få med meg nokre flotte greiner med skjegg. Blir fine når desember nærma seg:)



Kjem litt meir  bilde seinare i veka. Tenkte eg skulle legge ut nokre av dei junioren tok på turen. Desse her har eg tatt med mobilen. Ikkje så verst dei heller.

Klem Lilla dør

tirsdag 9. oktober 2012

Vevekveld


 I kveld starta vi opp igjen med bildevevgruppa eg er med  i. Det blir ikkje så mykje veving utanom,  men knallkjekt når me samlast. Det blir meir som ein klubb eg går i med ein knallflink lærer i tilllegg då. Bildevev er igrunnen veldig seint arbeid ...treng go´e tid då. Eg har så mange ynskjer og lyster. Men eg får iallefall gjort litt. Det har no blitt nokre bilde totalt sjølv om det går 
seint.


 Kjekt å mixe og setje saman ulike fargar og garnkvalitetar.




Kaffipausane er og viktige.  I dag fekk me servert kaffimaten med desse fine serviettane. Eg såg bruk i dei :). Kanskje blir dei brukt til inspirasjon til noko symaskinarbeid.

klem 
Lilla dør

torsdag 4. oktober 2012

Pulsvarmarar





Eg har laga to par med pulsvarmarar i oransje. Til dei med knappar har eg kjøpt garnet og mønsteret hjå Ullrommet. 



 Desse har eg strikka i Nepal på pinner nr 5. Mønsteret fann eg i boka Knitting at Home av Leanne Prouse.





Her har eg lagt dei på steinen ute i haustsola.


Kanskje det kan bli til litt strikkeinspirasjon no i desse få fine haustdagane der vi ka nyte fargane ute. Hausten er og blir ei fin tid.

 Klem
LILLA DØR

mandag 1. oktober 2012

Hexa strikk


 Har strikka ei lue etter Dalemønster. Mønsteret ligg på nettet ( sjå kvardagsgleder).
  Passar godt med besøk i frå Bergen denne helga for no er lua på veg dit. 


 Lua er merka er med eit merke med hjerte på og med teksten strikka av mamma. :)


 I tilegg til lua strikka eg ein hals i Hexa. Eg brukte godt og vel tre nøster til saman på begge deler. strikka dei på pinner nr 9. Eg var inspiret av strikket då eg besøkte Kvardagsgleder i midten av september på ein Florø tur.  Kvardagsgleder


 Halsen er flettestrikk, grov type:)


Hexa var eit fantastisk flott garn å strikk med. Lett, mjukt og luftig. Blir nok varmt og godt i bruk. :)



Ha ein goé kveld og ei kreativ veke.
klem 
Lilla dør

søndag 30. september 2012

Søndagsettermiddagsstemning


 Jillt å kunne dekke eit haustinspirert kaffibord. Med mange gode gjester rundt bordet:)


 Litt sydde haustblad og nokre rett frå hagen. 



 Sjå dei fantastisk flotte fargane.




Eplekake og kanel/eplebollar. Kva kan passe bedre til søndagskaffien ein regnfull haust dag? Då gjelder det å tenne lys og nyte det gode inneveret.




Klem Lilladør!

lørdag 29. september 2012

Pasta i nye varianter


 Vart litt fasinert over desse flotte pasta hjertene.


 Eller dessse krøllete spagettiane.


Har testa ut hjertepastaen. Den gjorde iallefall lykke i kyllingsalat!

Litt kjekt å kjøpe med seg slik når ein er ute og reiser.

Klem 
Lilla dør

fredag 28. september 2012

New York


Sist veke hadde eg ei fantastisk flott veke i New York....med mykje påfyll og inspirasjon. Haddde gleda meg til turen men at det var så fantastisk hadde eg ikkje trudd. Det var 26 år sidan sist. Truleg blir det ikkje så lenge til neste tur:) 


Nye World Trade Center under bygging.


Flatiron Building - stilig!

The City Quilter var ei oppleving i seg sjølv....brukte litt tid der. I tillegg var det The Artquilt  Gallery utstilling i naborommet.  Og i eit anna rom var det Quiltekurs.  Gubben var veldig tålmodig. Han fann seg ein Starbucks med fritt internett:) 


Meter på meter med stoff til ca 60 kr meteren.

The yarn Company som låg på Broadway på Upper West side.  Ein butikk med utsalg av garn og mønster. Mykje ekslusivt garn og ein del eigenprodusert/farga garn. Snopa litt her og. Mønster og garnpakker. Kjem nok fram litt meir etterkvart som eg byrjar på prosjekta.


 The Purl Bee eller Purl Soho som butikken vart kalla. Den låg i Broome Street. Ein fantastsik flott og lekker butikk der det var både stoff og garn. Mykje modellar og idear. Må bare opplevast :) Eg fekk eit godt tips om den hjå Tilonino


Litt opp i handleposen vart det og her:)


 Fekk nesten kink i naken når du skulle sjå på  den blå fine himmelen vi var heldig å ha heile veka. 


Vi var og innom The Garment District.


 Har var det spesialforretningar til det meste. Her nokre glimt frå båndbutikken Shindo. Hylle på hylle. Eit ufattelige utvalg av både typer og fargerskala.



Empire State Building.

 Det kjem nok meir etterkvart som prosjekta dukkar opp. 
Gler meg til neste tur!
Sjølv om eg ikkje har planer om det ennå.  Men det blir nok ein tur til. 

Klem Lilla dør.