lørdag 21. januar 2012

Litt meir små vesker


Eg fann eit stykke broderi i haust på Gjenbruken som eg no har fått sydd til ei lita veske/ stor portemonet. 
Det var nokre nydelig farger i broderiet. Og den grå linfargen rundt rosene,.Heilt perfekt til ei lita veske.



Til bakstykke brukte eg bomullstoff ( japansk). Sydde på lås lik den eg brukte på strikkaveskene eg viste tidlegare i månaden på bloggen.  Har fora veska i ein djup rød farge og litt blonder langs kanten rundt låsen inne i veska. Denne falt i smak hjå den yngste jenta så ho ender vel der :))) gildt det.  Så kan eg ta turen til Gjenbruken att på jakt etter nye skattar.



Ha fin helg videre!


Ein fargeklatt i stova


Sjå dei flott fargerike rosene eg fekk for under hundre kroner på Handelslaget. Delte dei litt opp og fekk flott og fargerik inspirasjon i heimen. Det heile vart  feira med god kaffi. Og det blir vel fleire kaffikoppar i løpet at dagen og helga. Den gjorde iallefall godt dei eg allerede har fått:) Rosene i hjerteskåla blir bare finare og finare etterkvart som dei åpnar seg opp............


 Av alle ting har eg eit gult sofabord ved den røde sofaen i stova. 


Ein kan seie kva ein vil, men fargar påvirkar oss. Eller kva seier du?


God ettermiddagskaffi:) Det eg manglar no er noko godt til kaffien....... du skulle ha vore her mamma med dine fantastiske tynne pannekaker! Eg fekk så lyst på det no............

PS. Nå har eg passert 20 000 sidevisingar sidan eg starta bloggen. Eg set pris på kvar enkelt som er innom! Og det er ekstra stas når du legg igjen ein kommentar!

Ha god dag vidare
klem


tirsdag 17. januar 2012

Små vesker


 Strikka åttebladrose (norsk mønster) på strikkemaskina.  Sydde det til ei lita veske, sydde i glidelås. Eg falt for oker gul farge på glidelåseen. Inni veska valde eg gammalt småblomstrete stoff.  



 Fann ein rest av eit linstykke eg hadde strikka tidlegare på strikkemaskina, i fangmønster.  Det ønskte ei av jentene at eg laga ei lita veske av.
 Begge veskene er fora med bomullsstoff for at dei skal vere til stødige og robuste i bruk:)


Fangmønster



Klar til bruk.
Gildt med slike små vesker til å ha ting og tang i.  Og det er kjekt å lage dei. Så det kjem vel fleire av denne varianten.

mandag 16. januar 2012

Strikka hals og vottar


Alpakka hals strikka på maskin. Eg har handstrikka lilla roser og blad til dekor. 



Mønstera på rosene er dei samme som eg brukte på dei romantiske sokkane mine.


Vottane eg strikka ferdig no før helga passa perfekt til. Slik er det når ein strikkar i fargar ein likar.


Mønster eg brukt på desse vottane var Bella`s vottar av Mariella Henault.



søndag 15. januar 2012

Matpakkeposer


 Har strikka poser til ha nista i. Strikka dei bomullsgarn og så sette eg i glidelås i toppen.  Enkel å ta med nista i og slippe alle dei lause delane..... 


 Ofte har ein med seg frukt i tillegg til matpakka:)) Enten ein skal på tur, jobb eller skule.  





Sjølvsagt merka av produsenten :)))


For å pynte den opp har eg sydd inn eit pyntebånd.  Etterkvart kjem det vel litt knappa til pynt og.
Ha ei god arbeidsveke med god niste.

klem

lørdag 14. januar 2012

Se min kjole


 Pilkjolen min trengde ny blomt, så det vart ein snartur til sentrum. Denne kjolen har eg laga på kurs hjå Klara Pil.  Er kjempefornøyd med den. Han står i stova med blomst på toppen:). Det einaste eg ikkje kan med denne kjolen er å ta den på meg:))))



Då eg fyrst var innom blomsterbutikken fall eg for fristelsen til å kjøpe også denne sukluenten som tok opp ein fin grå lilla farge.



 Fekk og kjøpt med meg heim litt sytråd. Så no er eg klar for å gå på syrommet . Gleder meg.



Ha goè laurdags ettermiddag.

Klem

fredag 13. januar 2012

Fredag og nytt blad


 Var og handla litt til helga då eg kom over nytt blad frå Jeanne `d Arc Living. Så no er det påfyll og kreativ inspirasjon. Klar for syrommet i morgon truleg..... Mykje kjekk lesing i bladet. Så har du ikkje kjøpt deg snop til helga er her mi anbefalling til helge" snop".  


Glimt frå bladet :) Alt frå knapper, interiør, blomster, mat etc.