søndag 15. mai 2016

Marimekkofiskar



 Eg tok løparen ned i fjæra for fotografering.... fiskane kom i sitt rette miljø. Dette er ein løpar til spisebordet på hytta. Har sydd den av eit marimekko stoff....




Løper er 135 x 35 cm


 Litt fjærekunst



 Litt stoffrestar vart ein stor gryteklut eller veggdekor på kjøkkenveggen på hytta
Den er frihåndsquilta . Måler ca 26 X 68 cm.



 Når eg ikkje bruker den som løper inn i mellom kan det bli eit veggbilde på eit av soveromma. Hengde det opp ved å sy fire knappar på løperen og så laga eg nokre løkker av lintråd til å henge det opp med.



Ha ei goé pinse forsatt

Klem
Lilla dør

søndag 8. mai 2016

Sommarløper



 Løperen har vore nesten ferdig lenge. Eg hadde berre litt quilting igjen.


 Sist veke klare eg det og:)....... også fekk eg sydd på lukkekant. Det passa perfekt den vart ferdig til desse fine sommerdagene me har hatt på Jæren desse dagane med over 20 grader og sol!!!!!


 Ide og inspirasjon har eg henta frå boka Blått av Grete Gulliksen Moe og Ingrid Skaansar. Sommarløperen der:). Har brukt ein sommerblomst-stoffpakke . Eg trur eg i si tid kjøpte den hjå Kathrines Quiltestue.......trur eg.


 Ferske gode jordbær har me og hatt.





Ha ei kreativ veke. Kjekt når endå ein ufo er ferdig.
Her går det i maling ute... den fargerike terrassen min blir meir og meir kvit og grå. Igrunn veldig fornøyd med det. 

Klem
Lilla dør

torsdag 5. mai 2016

Hjertetre i hagen...gjenbruk av sedergrana mi.........


 Bilstrikk sist eg var på hytta......


Fin måte å bruke gamle ullbroderi-garn...



 Jillt og kjapt strikk :)
Oppskrift og ide fann eg på Instragram.... ikkje min ide. Kjekt å bli inspirert på nettet og takk til den som la igjen oppskrift der.


 Fylte og sydd saman :) Klar til toving i vaskemaskin. Eg tova dei på 40 grader.



Eg sydde på ei hampehempme og hengte dei på sedergrantreet mitt som ser ut til å ha tatt kveld etter at eg har hatt det inne i gangen to tre månder i vinter. Det fekk nåler men dei falt av då treet kom ut. Håper at det kviknar til igjen....me får sjå. Nå gjer det nytte som hjertetre på terrassen og lyser opp mens vi venter på meir sommarvarme og sommerblomstrane kjem.


Det passa med hjerte tre no i desse brullaupstider....


Ha ei fin helg fortsatt. Her blir det fødselsdagshelg og hagehelg. 


Urtebedet er blitt fornya.


Ellers har eg fått kokt goé rababrasyltetøy av rabarbra frå frysen i dag. Kokte det saman med heil kanel. Det vart ganske godt.....skal eg seia det sjølv. Då passa det perfekt med nylaga horn attåt.


Klem
Lilla dør

søndag 1. mai 2016

Høstjakka som vart vårjakke:)


 Mønster eg brukte er høstjakke fra Pickles. Den er strikka frå halsen og nedover. Kjekk å strikke, sjølv om det har tatt si tid hjå meg. Garnet eg bruke fann eg i garnlageret mitt. Vellagra garn må det vel kallast, kjøpte det i september 2011 då eg var i Riga.


100 % ull.

Har ennå 200 gr igjen :). Tenkt eg skulle strikke det opp no det og, blir gjerne ein barnegenser  med rund felling.


Eg brukte totalt 375 gram på jakka.




 Den er litt lengre bak enn framme. Det handler om strikkemåten, Framme er det rille strikk , bak glatt strikk. Bak er det felt av med i-cordavfelling.




 Klar til bruk. Kan bli goé til seine sommerkveldar etc.


 i dag er det 1 mai, men veldig kaldt. Eg kunne godt ha trengt jakka då me hadde kaffipause ute idag....


Grassengelen min er på plass på hagebenken min .....ventar på sommar og ikkje minst sommartemperatur ute.... blir kjekt å få litt blomar ute igjen. 
Jofrid har laga engelen se meir her


Klem
Lilla dør

lørdag 30. april 2016

Kreativ utfordring liker eg


Eg fekk den stoffpakken sist helg av ei go´e venninne med utfordring om at eg skulle sy noko av den. Ho var spent på kva det vart og det er i grunnen eg og. Sjølv om  eg likar  slike utfordringar veldig godt.


Flott stoff i fine fargar. Butikken ho hadde kjøpt det i kalla det amerikapakke ...litt usikker på kvifor, men men

Sjå desse flott bilda eg tok den helga frå "#verdasjillastehytta". Her frå stovevindauget:)


 i fjæra
sjå så klar sjøen er.....



Dette går an   


Det var ikkje så verst dette heller. Var innom lokal butikken og kafen der:)........ måtte bare, hadde jo feriedag og alt


Eg skal legge ut bilde når produktet er ferdig...kanskje snart kanskje om ei stund etter godgjeringsprossessen :)


I kveld passert eg 350 000 sidevisninger på bloggen min.
 Hjelp, er heilt imponert over kor mange som er innom og ser. Tusen takk for alle kommentarar og oppmuntringar . Alltid jillt med tilbakemeldinger....
Har nett mottatt mi 6. Lilla dør bok. Kjekt sjå tilbake på min lille " kreative" verden.

Klem
Lilla dør