onsdag 15. juli 2015

Nymalt hagehytte og nye vimplar i det romantiske hjørnet:)


 Eg fann dette stoffet i stofflageret og det innspirete meg til nye vimplar til hagehytta. Gubben har nett mala hytta og då var det ekstra jillt å pynte hytta med vimpla. I går var det  utrikningslagslunsj i hytta. Då passa det perfekt med slike rosevimplar :)



 Klar til å henge opp.....



Eg sydde 12 vimplar.  Festa dei i hop med blondeskråbånd......her tar man det man har på lager..........










God sommar!
Ha ei fin veke videre her går det mot ferie:)

Klem
lilla dør

mandag 13. juli 2015

Kupp igjen:)


 Eg var innom Gjenbruken etterjobb for eit par veker sidan. Då ramla eg over nokre godbitar. Mellom anna denne flotte store håndbroderte og heile "løper" til ein nett sum av kr 30,-. Fantastisk 
Skål frå Egersund med stråmønster, måtte bare ha den og.....knallfin og nostalgisk. 




 Sjå dette fine håndbrodert motivet...tenk få dekke eit kaffibord med den løperen. Må velge servise og kaffimat med omhu då:)


 Lekkert



 Desse og fekk eg med. Håndhekla i tynntråd. Fine var dei og nesten gratis. Kor mykje dei blir brukt er eg usikker men jillt å ha......der kjem samlemanien litt inn. Men noen "griller" må ein ha.






 Nuperellserviett er alltid jillt å finne. Utdødande håndarbeid trur eg.


 Velkommen innom i Skorane på kaffi i sommar. Den passar kanskje best der.


 Ha ein goé sommar forsatt.
Eg venter på ferie og på at sommarveret skal kome.


Klem
lilladør

søndag 12. juli 2015

Linløper


Eg har sydd ein linløper av stoff eg fekk hjå svigerinna min då fylte år i sist mnd. Artig fisketrykk på det. 

lang og goé

 Eg hadde ei keramikkskål som passa perfekt på. Ein liten robåt......kan nesten drømme seg bort. Dagens fangst var sjokolade til føremiddagskaffien:)


 Sjokoladesild. I sommar håpar eg på annan fisk... kanskje makrell, lyr, hyse etc. Kven veit?





God søndag.

Klem
Lilla dør

fredag 10. juli 2015

Måtte innom utstillingnen igjen til Frida Hansen


 Eg måtte bare vise litt meir frå utstillingen til Frida Hansen. Eg var innom for andre gang i går...... Det blir kanskje fleire gonger og:) Eg ser noko nytt kvar gong og blir like fasinert. 


 Litt detaljebilder


 Frida Hansen brukt ein god del open renning. Rik på fantastisk detaljer.



 Baksida på  bilde Juni...se effekten av open renning



Sommernattdrøm


 Stavanger Kunstmuseum.


 Etterpå måte vi ha kaffi og noko attåt for summere opp og diskutere ..... kjekt når ein kan dele slike gleder med dei håpefulle:) takk for godt lag.


Klem
Lilla dør

torsdag 9. juli 2015

Litt meir toalettvesker / mapper



 Eg fekk tre mapper av denne remsa på 40 cm med voksduk (mjuk kvalitet).



 Klare til bruk....til å ha ting og tang i :) 





Sjøgløtt heiter denne isblå fargen som eg brukte på desse krakkane. Har fått nokre spørsmål om det. Som sagt ein fantastisk fin farge.

Takk til deg som såg innom og takk for tilbakemeldinger. Det er alltid jillt.
Klem Lilla dør


onsdag 8. juli 2015

Ikea-krakkar


 Har malt to krakkar frå Ikea i fin isblå farge...... har bruk samme farge på eit skap tidlegare. Veldig fornøyd med fargen. Desse to krakkane skal eg ha med meg til hytta. 


 I grunnen eit greit "utearbeid" under halvtaket på terrassen :)




 Eg har og så vidt vore innom syrommet desse siste dagane ......det gir inspirasjon og ny energi :). Så med manko på sol og fin utetemperatur blir det syromtid:)
Har sydd denne toalettveska/mappa i mjuk voksduk som låg på lageret mitt:). Det minkar stadig litt.....
Flott farge og dekor, passar godt attåt dei nymåla krakkane mine,


 Denne flotte toalettveska var eg så heldig få av go´e venninne.  



Ha ei fin veke fortsatt.  I kveld er det meldt storm og utrygt for regn på Jæren....fantastisk fint sommarver.  Glad eg har syrommet i kveld og.

Klem
Lilla dør