søndag 14. juni 2015

Ei fantastisk flott oppleving......det var mektig!




Stavanger Kunstmuseum har utstilling av Frida Hansens mest kjente bildevever og skisser i akvareller i størrelse 1:10. (For meg var dei reine kunstbildene skissene og).
Det er laga ein fantastisk katalog/bok om utstillinga med mykje informasjon.  Jille lesing. 
Frida Hansen var Norges fyrste plantefarger, ho farga sitt eget garn. 







 Salomes dans
193 x 682 cm


 Semper Vadentes



 Sommernattsdrøm


  Semper Vadentes




 Peoner


 I rosehaven.








 Frå innsida av omslaget på katalogen/boka.


 Skisse til "Rosentre og liliekonvaller".


Nokre av skissene til Frida Hansen


Melkeveien.  Det er 260 x 345 cm.
Dei fleste teppa var det eller større.

Dette var ei fantastisk flott utstilling. Det var min fyrste tur dit idag men det blir fleire i løpet av sommeren og hausten. Har allerede avtalt nytt besøk med ei av døtrene min når ho kjem heim. 
Dette må dokke som er interessert i billedvev få med dokke. Unik mulighet til å sjå hennar arbeid som ellers er spreidd for det meste utanfor Norge.
Må bare.......

Klem
Lilla dør

lørdag 13. juni 2015

Nytt teppe på gang :) kansje


 Ulike linstoffer. Stoffet med Hortensia er frå Designers Guild. 


  Inspirasjon og sommerlesing i siste bladet til Lev Landlig.



 Eg er litt usikker på korleis eg skal sy det.  



Hortensia Magical med kompakt blomster


Vanleg hage hortensia som er min favorittblomst
så eit slumreteppe med hortensia må nesten være eit must :)))

Velkommen til nye følger.


Klem
Kari

torsdag 11. juni 2015

Kupp på Fretex



 Lokk til ei ildfast skål eller til ha over eit fat. Såg heilt nytt ut,  har nok ikkje vore mykje bruk. Eit kupp!!!!


turi design frå Figgjo


 Detalbilde av sjølve hanken på fatet


 Dette fiskefatet kjøpt eg og ..... fantastisk spør du meg.
Også det er Figgjo produksjon


Gler meg til eg kan servere sjølv fiska fisk på det til sommeren på hytta :)

 Klem
Lilla dør






onsdag 10. juni 2015

Sørlandstur



Sist lørdag, den 6. juni reiste me til Kristiansand og Grimstad og henta heim ein student :). Me peila oss inn på frokost på Drømmeplassen i Kristiansand.... eit bakeri med kafe. Noko for alle sansane,   kan anbefalast.



Litt tid til shopping og innsamling av inspirasjon i interiør- og stoffbutikkar.
Her vindaugskikking hjå Kreativ Quilt.  Det vart litt stoffhandel og, sjølv om eg har kjøpestopp for stoff.....bare litt vart det.......måtte baaaaaare,  eg trong det:)

Lyspunktet
er ein fargerik butikk.  Dei og har mykje kjekt.


Lunsj på Apoteket i Grimstad.


Litt gatevandring i smauene i Grimstad. Her foran koselige kafe Ibsen.






På skulen var det både koldtbord og kakebord. Mykje jill underholdning, konsertar og vitnemålsutdeling. Følte meg som stolt mor.


Sommarfølelse!


Tur langs stien ned mot sjøen.


Var heldig å traff mange kjekke folk,  noen kjente me frå før, og me vart kjent med nye......kan det bli bedre. Mellom anna traff eg ei som eg hadde vore hjå for 15 - 16 år siden og handla fint neverarbeid..... Denne sukkerdåsen som ho har laga har vore i bruk hjå oss siden då:). Ho også hadde ein sønn på skulen. Tips, ho lagar forsatt flott neverarbeid.


s
Sekk som ho har laga 


Ha forsatt ei fin veke . Her ventar vi på male ver :)

Klem
Lilla dør

tirsdag 2. juni 2015

Uglenett


Eg såg og bladde litt i stofflageret frå ein av utanlandsturane mine og fann dette som ropte på meg. Det var ca ein halvmeter. Eg sydde eit nett pluss ei mappe / miniveske av det.


Eg quilta mappa tett med rutemønster med utgangspunkt i mønsteret på stoffet.


Sydd hank av skinnskråband


Klare til bruk




Praktisk at eg kan putte nettet opp i mappa saman med mobil og pengetaska.... eller det kan verte eit greit handarbeidsnett med mappe til små utstyret...... me ser


Jillt og snaut å sy... jillt når stoffet kan inspirer ein...... fekk lyst å sy meir.  Kva skal eg no rive meg laus på tru?
Godt det snart går mot helg igjen.......litt meir tid og overskudd då :)


Klem
Lilladør