fredag 8. mai 2015

Mai = feiring


 Heimelaga kort og helsing er jillt. Litt tekstilmaling og frihåndsbrodering med maskina er spennande og kjekt. På dette kortet har eg brukt lin som bakgrunn. Det er også godt holdbart og kan brukast om igjen. :))))  Gjenbruk er så inn for tida :).  (Det var den samme som fekk det begge gongene her i heimen).
Kanskje det kan bli eit lite veggbilde no :) 





 Margerittar må ein ha i mai enten det no er inne på kjøkkenet eller i hagen / på terrasen.


 Stemorsblomst


 Pavalova er eit must på denne dagen!


 Karbonader med godt tilbehør er goe maifestmat og når ein fyller år!!!!


Gratulerer!


Klem
Lilla dør

onsdag 6. mai 2015

Litt maritim-inspirert søm


 Eg har sydd meg sitteunderlag til ha i båten og / eller på bryggekanten. Eg sydde det i lin mellom anna.


 Lunsjtid


 Poser til nista og til sjokoladen (pågangsmot) som den yngre generasjon seier hjå meg. (guttane)


 Pc veske? Strikkeveske? Til å ha ting og tang i ?


 Inspirasjon sjø og garn. Quilta med garnstruktur.


 Kaffipause her med sjokolade. 


Detalj frå matpakkeposen

Kanskje blir dette litt av eit kursoppsett eg skal ha.....følg med.
Kjem meir etter kvart.
Alle bildene på dette innlegg er ved sjøen på hytta/Skorane

Klem
Lilla dør

tirsdag 5. mai 2015

Hyttehelg


 Sist helg var me på hytta.  Fantastiske dagar der vi var så heldige og fekk mykje besøk. Vi fekk og vore mykje ute... så det vart lite maling etc. Gjorde ikkje særleg anna "fornuftig" enn å lada batteria :)


 Fine blomar  utforbi hytteveggen i skogkanten......Kusymra lyst opp i sola


 Skogsfiol


 Måtte ein tur inn til butikken i Eikefjord. Der stod desse fine syklane utforbi ein av to butikker der.... 
Gult er kult!


 Mange og goé kaffikopper vart det i fjæra. Eg og gubben har fått kvar vårt mummikrus i "plast" perfekt til den bruken. Enten det er på sjøen i båten, i fjæra eller i skogholtet smaker kaffien godt.
Livet er herligt!


 Vika og Skorafjæra. Drømmeplassen spør du meg!


 Fekk rydda litt i naustet.
Her er garnkassen klar til bruk igjen.


 Fjoslykt kan komme godt med, og så har eg sansen for stilen.


 Lørdagen hadde me grillfest i fjæra saman med dei fleste hyttenaboane. Kjempejillt . Sjølv om det var sol var det frisk temperatur. Men det heiter jo ikkje dårleg ver men dårlege klær. Så her var det bare å kle seg. 
Noen hadde fått seg ny popcorn gryte, den fungerte fantastisk ......kjempe gode vart dei.

Takk for fin helg!
Gleder meg til neste tur!

Klem
Lilla dør

mandag 4. mai 2015

Lyslykt


 Her i sist veke var eg ein tur bort til Tones Ting & Tang. Der lærte eg meg å lage fine lyslykter. Eg tok med meg ulike lin og hampetau sidan eg var usikker på kva tjukkelse eg trengte, men fann ut at det minste av desse nøstene var perfekt. 


 Mitt fyrste lyslykt men ikkje det siste :)


 Lunt og fint lys i ....passa perfekt på hytta eller i naustet ved stranda ein sommarkveld. Eg tok det i bruk sist helg på hytta ..... må nok lage nokre til.


Samme teknikken blir brukt til binde på garnkuler. Denne kula fann eg på lørdag då eg rydda i naustet. Jillt med slike skattekammer ;)


Takk for fin kveld Tone :)

Ha ei fin veke forsatt.
klem
Lilla dør

lørdag 2. mai 2015

Teppene vel på plass


Eg lova visst bilde når teppene var på plass på hytta :)
 "Skjorteteppe" mitt er vel på plass. Eg synest det passa perfekt der.  Mot dei kvitmalte panelveggane kom teppe til sin rett.



 Dongriputene frå Ikea og putetrekk med stjerne vart prikken over i en :)


 Londonteppet glei inn det og.


 Eg som ikkje har vert særleg blå har plutseleg fått ei delvis blå hytte :), noko eg er veldig fornøyd med. 
Eg lyt vist sy teppe til dei siste soveromma og ........ drømmen er vel ha eit slikt skap med tepper:


(Lånt bilde)


Ha nokre fine maidager. God måned med mange fridager og det er aldri feil.

Klem
Lilla dør

fredag 1. mai 2015

Pute


Fekk eit stykke åkle/løper frå ei av tantene mine:) i smettvev. Flott og tidkrevande håndverk.
I friske fargar, oker, litt rødt og grønt mot blått. Passa perfekt til omsøm til pute i sofaen på hytta.


 Eg sydde i ein glidelås....lettare å ta ut puta ved evt. vask. Bakstykket er sjøblå lin.


 Saman med nye Ikeaputer er det klart for vår og forsommarstemning i sofaen ved spisebordet.


 Ikea ;)



Ha fin helg forsattt:)

tirsdag 28. april 2015

Dokker, det liker eg


 Eg hadde ein periode der eg laga mykje dokker av tricot og ull. Forma hodet og sydde kroppen. Eg gjekk til og med i eigen dokkeklubb.... Klubben er der ennå men me syr andre ting no. Eg har fått lyst til å ta opp igjen dette nå. Har kjøpt ny bok med mønster og idear. Det må bli eitt av mine neste prosjekt:)


Dette er ei av mine små dokker, dei fleste har eg gitt vekk. 


 Denne rekka laga eg til junioren på bagvogna hans. Husker eg hadde vognteppe i dei samme fargane og same stoff:). Ei stund sidan det no.



Lenka er  blitt til pynt og minner. Skal nok utvikle og lage fleire av desse og... men det er den tida. Må visst berre ta tid for å få gjort noko. 


Ha ei fin veke. 
Takk til deg som såg innom. Alltid jillt når dokke legge igjen eit spor. 

Klem
Lilla dør