søndag 16. mars 2014

Dette inspirerer meg akkurat no


 Sjå dei fantastisk fine rosene.  Rosene ropar om vår og energi:) Heldige meg som fekk slik fine bukett. Tusen takk til giver.  Klem


 Desse fantastisk flott bøkene kjøpte eg i Tyskland i sist veke. Knall fine. Den eine er om borddekking.


Dette har eg heklet mitt i no. Fargane er bare heilt topp for meg. Er dei ikkje kjempe fine. Eg held på med eit slumreteppe som stadig veks :)




Knallbra blomsterblad fra Tyskland med mykje vår- og påskeinspirasjon. Irisbildet og stemorsblomsten i kofferten er frå bladet.

 Jillt og få  innput med fridager og tur ut i verda:) slik eg hadde i sist veke.





Og det vårast ute. Dette bilde er frå trappa.

Håper eg klarte å dele litt på inspirasjonen
Ha ei goé veke.
Klem
Lilla dør

lørdag 15. mars 2014

Vestlandstreffet i Florø


Eg er så heldig at eg er spurt om å ha kurs på 
Vestlandstreffet til hausten.


For meir informasjon gå inn og sjå her
Det er ekstra kjekt når treffet skal vera i Florø der eg hadde min oppvekst. Eg har og hatt mange kurs der framigjennom.



Ifrå Norsk Quilteblad som kom ut denne veka.





Her er eit glimt frå det eg skal ha kurs i, juletretepper mellom anna.
Modellane laga eg på nyåret  sjå her
Håper det fristar og at nettopp du melder deg på. 
Velkommen til Florø og Vestlandstreffet.


Enn så lenge går det med mot vår......idag har me hatt vårdag i hagen. Fått rydda litt og hatt goé tid til kaffi og:)


Ha ein god lørdagskveld..... eg skal hekle vidare på slumretepppet mitt. Snart halvferdig, ikkje verst det på ei veke etter at eg kjøpte garnet i Stuttgart:). Elles har eg byrja å plukke fram vår og påske pynt. Slik som denne haren frå Stuttgart:) med gul garndusk.

Velkommen til ny følgere. Alltid like kjekt.

Klem
Lilla dør

onsdag 12. mars 2014

Vår på Jæren


 Fekk oss ein flott strandtur langs Borestanda etter jobb idag. Fatastisk fin ettermiddag. Hoppa over middagen i første omgang og prioterte tur og kaffi i sola.
Vitamininnsprøyting!


 Slike flott turområde rett ut forbi stova......... nesten.



 Liker godt å gå så nær sjøen at bølgene slår innover føttene inn i mellom:).




 Sikkert vårtegn i sanddynene


 Vår på trappa og ikkje bare ved sjøen



Fekk også nyte sola på terrassen etterpå. Kaffi og nytt blad. 
Alt i alt ein fantastisk fin vårdag på Jæren som eg har fått mykje ut av etter jobb og. Godt at dagane blir bare lengre og lengre!

Klem 
Lilla dør 

søndag 9. mars 2014

Nokre glimt frå venninneturen i helga



 Vi er så heldige å ha eit vennepar som har leilighet i Stuttgart og vi har hatt mange fine turar dit. Men dette var fyrst jentetur. Kanskje bli det fyrste gang på rad:)


Mange kaffikopper høyrer med.


 Ellers har strikking og ikkje minst hekling av luer blitt populært i Tyskland og!!!! Stadig fleire plasser var det garnutsalg og reklame for strikkebøker og garn.

Ellers må eg alltid innom "Idee der creativmarkt" som er ein kjempestor hobbybutikk. 



Det var vår i gatene......me hadde nydelig sol og varmt ver. Lunsjen og kaffipausene tok me ute.


 Markthalle heldt på å pakke ut vårens keramikkpotter. Fantastisk fine, men ikkje gode å få med seg.


 Smak av vår/sommar. Mange gode kafebesøk.  Eller som denne jordbærskåla i sola ute på ein fortaustrestaurant. Det liker eg.



  


 Ut på tur var me og. Denne parken har ei rundløype på ca 8 km i fantastisk fine og naturskjønne omgivelser. Schlossgarten ligg midt i sentrum av byen.


 Favorittgarnbutikken min i Stuttgart, Wolle Rödel.  Der klarte eg å snope med meg 33 nøster:). 20 oransjerøde og 13 i blåtonar.  Dei var på tilbud og eg måtte bare:)


Litt av fangsten


Eg er allerede kommen langt på det fyrste teppet.....


Håndarbeidposen hadde eg med meg i handtaska...... mange gode stunder det og:)
Tusen takk for kjempetur. Gler meg til neste. Fekk mykje inspirasjon og påfyll. 
Det kjem nok litt meir etterkvart her og.

Ha goé søndagskveld og goé vekestart!

Tusen takk for alle kommentar på bloggen!

Klem 
lilla dør

tirsdag 4. mars 2014

Stolt mor


 Ei av jentene min har vore heime på vinterferie. Alltid jillt når studentane kjem heim.  I løpet av denne veka har ho strikka ferdig og montert (var nesten ferdig strikka før ho kom heim) to jakker til seg sjølv. Til og med montert sjølv! Eg kjenner at det er jillt når jentene min likar å strikke. Noko med denne felles interressen. Den andre jenta starta på ei jakke sist ho var heime. 


 Denne  Marthejakka ( Dorthe) er strikka i suri (farge1088)  og tynn alpakka.


 Kjempefin!


Denne jakka er ei Rowan jakke. Strikka i Rowan Colourspun.  Ein blanding av ull og mohair. 


 Melert garn ifrå grått mot lilla nesten:)


Knall fine jakker og godt jobba. Gler meg til å sjå neste prosjekt. 

Mykje spennande ein kan strikke.  Garnet til begge jakke er kjøpt hjå Anny på Bryne. Vår gode lokale garnbutikk!

Stor Mamma klem 

søndag 2. mars 2014

8 nye mugruger av eit marimekkohåndkle



Eg falt for desse freshe oransje pærene til Marimekko og sydde mugruger av dei. Det friskar godt opp på kjøkkenbordet enten det no er frokost eller ettermiddagskaffi.




  


  Kanta dei med friske stoff frå restekassa. 



Jippi det er vår, og då er det ekstra jillt å pynte med friske farger.

Velkommen til ny følgarar og takk for kommentarar, det varmar og gir inspirasjon.

Klem
lilla dør