søndag 15. desember 2013

Hyttekveld

  Vi innvia julepynta hagehytte med pepperkaker med Stiltonost og julemusikk i kveld. Jillt og godt å kjenne på freden og gleden som adventstida gir. Idag har me og fått fatt i juletre. Det blir nok jul i år og.


 Har forsatt litt produkter for salg. Viss noen er seint ute med julegåvehandelen. Eg er heime alle kveldane denne veka. Så det er bare til å ta kontakt viss du ynskjer å ta ein titt :)




Halser i lilla og ein del tricotluer.







Velkommen innom på kaffi/te og julekjeks.


Ha ei fin adventstid!

Klem
Lilla dør

onsdag 11. desember 2013

Julegjester og julepakkar:)


 Det nærma seg tida når julegjestene kjem heim. Jillt å  reie opp senger og pynte til jul:)


 I tida fram til julegjestene kjem er eit av romma blitt lagerplass for ein del av julegåvene. Eg fann ut at rødt elller/og kvit var  eit aktuelt gåvepapir :). Dei fleste gåvene eg kjøpte før helga fekk eg  det papiret på. Kunne nesten tru det var planlagt men det var det ikkje. 



 Ellers liker eg å lage nokre gåveposer til julegåvene. Blir endå meir personleg preg på det då.
Jillt å gi og jillt å få.


 Denne posen er i lin med fototrykk. Eg skreiv ut foto på stoff i printeren.
Ellers likar eg godt å bruke gråpapir  sjå her til innpakning av julegåvene:) 


Nye putetrekk har eg sydd til desse 80x80 putene eg har lagt min elsk på. Dei to siste vart rødprikkete  (stoffet er ifrå Lisi Design på Jærhagen) som matcher julesengklærne frå Ikea.

Eg gler meg til jul og til julegjestene kjem.

Adventsklem
Lilla dør

søndag 8. desember 2013

Adventspakkar og andre ting


 Blomster og adventstid høyrer saman. Denne samanplantingen i ei brødform fekk eg her om dagen! Tusen takk til giver. Den pyntar opp kjøkkenbodet mitt no saman med advendtslysa.


 Her er ein av "adventsekkane " eg sende til studentane . Sjå her for se resten:)
Her har eg kun brukt eit brodert juleputevar med glidelås som gåvesekk.  Er det ikkje gjenbruk som er tingen?


Dette varma ei mor som har sendt adventspakka til sine håpefull og får takk igjen på mobilen med eller uten bilde. Morshjartet smelta. Når klarer eg å slutte å gi adventspakker til oppmuntring i eksamenstida og andre travle tider.:)


studenthelsing:)




Litt småsying innimellom blir det. Her har ein marimekkohåndduk i lin blitt til strikkepose i desse juletider. Opp i ligg strikket som etter planen skal bli julegåve men det spørst om eg klarer å bli ferdig. Det er så mykje eg har lyst å prøve. Må bare:)


Her hekler eg litt linroser... Fann oppskrifta i eit koselig førjulsblad Nostalgi. "Polkagrisgarnet" har eg hatt liggane nokre år. No har eg lyst å prøve meg på lyslykter til jul.  Eg trur eg må søke om meir energi og fleire timer i døgnet.
Men fyrst er det småkakebaking som står for døra.


Ha ei fin adventstid.
Adventsklem
Lilla dør

Eg vant :)


 Her i november var eg så heldig å vinne desse knall øffe strikkepinnane på 25mm. Har ennå ikkje hatt anledning å prøve dei. Gler meg til det.


 Tusen takk til min-design-strikk for strikkepinnane. Eg anbefaler å ta ein tur innom bloggen og nettbutikken hennes. Mykje fint.!!!


Ha ein fin søndag vidare!
Klem
Lilla dør

torsdag 5. desember 2013

Julemarked i Stutgart


 Saman med gubben og to vennepar var me sist helg på julemarked i Tyskland. Her frå inngangspartiet til julemarkedet i Stuttgart. Under kjem nokre smakebitar frå turen i form av bilder. Var igrunn litt vanskelig å fange det på bilde. 


 Utruleg flott pynta opppå bodene. Det var eit syn i seg sjølv. 


 Masse julekrybber rundt om i byen. Store nesten i naturlig størrelse.


 Juletreet på Rådhusplassen




 Somme var meir pynta til julemarked enn andre. Eg kunne nok ha tenkt meg ei slik....... det måtte jo ha vore ein perfekt hatt i desember :))


 Var og innom julemarkedet i Esslingen. Det julemarkedet var meir prega av middelalder med kostymer og innhold:). Ein flott oppleving det og.


 Eplekringle. Frityrsteikte epleringer....knall godt.


 Keramikk til salgs. I tilegg selde dei glüwein i slike krus. Vi fekk kvart vårt av det.




Kjøpt slike "kanelbollar" som vart steikt på rull......




 Fann denne inspirasjonspynten i ein av favorittbutikk i Stuttart, Merz og Benzing.


 Mykje dekorasjonspynt selde dei. Eg kom til og med heim med store kongler...... ellers har det dukka opp slike røde lyslykter i kalenderen min. Nokon har funne ut at eg likte dei godt.:)))
Litt nye kakeformer og kakestempel var og med heim i kofferten. Kjekt med slik innhaldsrike butikkhaller. 



 Julekake som stall eller kykje?:)


Takk for fine dager saman med venner.....kanskje blir dette ein tradisjon. Trur me snart må bestille for neste år. Det var ein fantsastisk flott opplevelse. Det einaste me kanskje mangla var melisdryss med snø:)
Ha forsatt ei fin adventstid!

Klem
Lilla dør

onsdag 4. desember 2013

Kreativ strikkeklubb med noko attåt:)



Garnrester frå Ledaal Teppeveveri.

Eg er så heldig at eg går i ein kreativ strikkeklubb. Igår hadde me klubbkveld der Elisabeth hadde laga til ein ekstra aktivitet. Det er alltid like kjekt med noko nytt og gode ideer. Sjølv om eg alltid blir inspiret over allt det fine og kreative gjengen held på med innan strikk. 


Me laga gryteunderlag og/eller bordkåner til å ha under kaffi/tekoppen. Til det brukte me "garnrester" frå Ledaal Teppeveveri. Som me surra rundt før me limte det på baksida og la på ein sirkel med ullfllt.
Utstyr og ide frå Ledaal Teppeveveri i Stavanger.


Vart dei ikkje fine? 






 Nydelige blågrønne toner


So no har eg fått fin bordskånar til å ha under tekanna mi. Klar til mange gode tekoppar i adventstida.
Tusen takk for jille kveld.
Gler meg til neste kveld!

Klem
lilla dør