torsdag 9. august 2012

Sykveld igjen :)


 I kveld har eg fått sydd saman eit teppe. Brukte stoffa eg kjøpt på Island hjå Virka då eg var der for to år sidan. Stoffa trengte modnast:). No skal det bli eit haust teppe.


 No er toppen til teppet klar og eg har mykje gildt arbeid føre meg i helga til applikasjon og quilting.




 Bakstykkestoffet kjøpt eg på Stoff og Stil i Bergen i sommar. Det var jo ein opplevelse i seg sjølv å være innom ein Stoff og Stil butikk. Skulle bare hatt så mykje lengre tid der.


 Sjå det tøffe båndet eg fann hjå Lisi Design idag. Eit "kupp" igjen. Guttane mine bruker uttrykket konge.  Så det skal eg nok få bruk for i ulike samanhengar til dei mellom anna.


Ha fin kveld videre!! 

 Takk til alle som legg igjen ein liten kommentar, det varmer og inspirerer.
Klem
Lilladør

Gammal kofte får ny eiger



Den eldste sonen mi kom lukkeleg heim med "ny" kofte. Hadde fått ei gamal kofte.  Etter litt vask og lufting er den no klar for bruk til hausten. Kjekt når dei har sansen for det gamle.  Den blir nok god og varm til vinteren under regntøyet og annorakken. Flott og enkelt mønster i kofta. Eg tenkte eg skulle prøve strikke den av,  iallefall mønsteret.  Kanskje blir resultatet noko heilt anna enn kofte:). Ny design er det vel det heiter ? :))



Her er den til tørk på hagebordet etter ein omgang innrulla i handduker.
klem

onsdag 8. august 2012

Slumreteppe, pute og kuvertbrikke?


Eg held på med førebuing til Florøkurset.  Treet er malt ....snart klar til applikere!


Dette blir ein mulighet av mange på kurset.  Dei som ikkje vil kombinere litt maling med stoff kan halde seg til bare stoff av ulike kvaliteter. Men spennande å prøve ut noko nytt kanskje.:)) Det blir  muligheter til å bruke "maler".

Klem 
Lilladør

tirsdag 7. august 2012

Regn regn atter regn


 Godt med støvlar og "oljejakke"!!!


Den nye farsorten i den yngre generasjon hjå oss i sommar. På ferieturen til Florø var det ein butikk som klarte å skaffe ein av ungane ei gul gamaldags regnjakke. Denne hadde stått høygt på ynskjelista hennar lenge. Men dette vart smittsomt . Så kanskje blir det den nye uniformen til familien til hausten.  Jakka er nett slik eg husker eg hadde i min ungdom:))) tjukk og litt stiv:)))
Tusen takk for goè service hjå Nor Tekstil i Florø.




 Klar for hausten enten dei er på Jæren, Sørlandet eller i Bergen. 


Kanskje kjem det familie bilde seinare når med er samla og alle har jakkene sine ....... årets julekort??????

Klem 
Lilla dør

mandag 6. august 2012

Nye puter


Jippi, eg har fått sydd igjen...herleg med sykveld etter gamalt. Fått ny symaskin som eg tester ut...spennande. To nye puter av kjøkkenhanduker!!!!




 Til bakstykke brukte eg lin. Den eine i lilla og den andre i grått. Fort og effektiv å sy. Også får eg sjå om putene følger med ein av studentane mine eller eg har dei til pynt på gjesterommet. Dei passa igrunn godt inn der og :)


Kjøkkenhanddukane kjøpte eg på Ting her i vår med tanke på puter. Av merket Ferm living.


No trur eg eg er klar for å sy litt fleire luer i jersystoff.  Lisi design på Jærhagen hadde fått inn så mykje nytt. Og då blir eg lett frista.
Det å sy er bare kjempe avslappande og kjekt.

 Klem 
Lilladør

Matauke og feiring


 Sist veke var fantastisk innhaldsrik. Fullt hus med feriegjester, men likevel rakk me over mykje :)
I byrjinga av veka var det feiring av mormor.


 Så har me fått plukka mykje bær; fått sylta bringebær (plukka hjå svigerfar) og sylta solbær og stikkelsbær frå eigen hage. Rørt mykje jordbær (kjøpt) og så har junioren plukka rips frå hagen vår og laga råsaft, kjempegoe saft. Så no er me godt rusta for hausten med sunt syltetøy og saft. Eg har lært å koke rømme graut og laga melkekaker frå Sunnfjord. Kjekt å lære og viderføre gode mattradisjonar frå ein generasjon til ein annan og ein tredje:))) 



 Her er Ragnhilds brownies...kjempe goè!


 Jordbær og blåbærpai med vaniljekrem, ikkje så verst det heller.


Gode lange måltid ute høyrer sommaren til!



Gubbens greske salat

Kjekt når fleire likar å lage mat :)))



søndag 5. august 2012

Ny mummi handduk


 Eg var så heldig å få meg ei sommergåve av ei venninne. Lilla håndduk. Passa perfekt inn på toalettet.  Dei hadde vore i Finland og den lilla håndduken stod det vist " Lilla dør" på:) Takk !!!!


 Det passa iallefall godt inn saman med lyslyktene mine. I tillegg gildt når Mega selger flotte lilla sommerplanter til kr 10,-.


 Eg har i det siste fått sansen for mummi. Det har blitt både handdukar, kopper og mugrugger og no er eg på jakt etter stoff. Lurer på kor dei selger det?


Det har vorte lite blogging i det siste, men no håper eg at eg er i gang igjen:)))  Det skuldast ferie og mykje sommergjester. Noko eg synest er kjempe kjekt .....trivst med mange rundt meg. Kjekt når alle kan samlast pluss pluss. Det er viktig med gode sommerdagar og kjempegode sommarminner.  Det føler eg at eg har fått.
Ha goe veke. 

klem 
Lilladør