Me har hatt ei flott helg på Jæren med smak av vår... laurdagen var det tid for litt hagearbeid. Helst var det gubben som stod for det... heldt han litt med selskap iallefall under kaffipausane:)))
Kjekt når staudene dokker opp igjen.
Me var invitert i selskap, alltid gildt det. Kortet vart laga av papir i frå Søstrene Grene.
Mi svigerinne hadde fått ny kjempeflott ytterdør ........ måtte bare ha bilde av ho, eg fekk lov :) Knall fine!
Ellers har det vore tid til strikking. Som lova.... blir lampeskjermen ferdig til påske. På tirsdag skal me ha samling hjå MR design igjen. Snart bare monteringa igjen. Gler meg til å sjå korleis lampeskjermen blir.
Sjå kva eg fekk på fredag...alltid gildt å få blomster. Stod å venta på meg når eg kom frå jobb. Klem til givaren.
Idag har eg byrja på eit nytt syprosjekt. Lite..... men morsomt. Det er slik at eg ler medan eg jobba med det. Gildt med litt humor i kvardagen. Skal legge ut bilde når eg er ferdig med det. Se bare stoffa og fargane. Sart og yndigt.
Sjølv om eg kjøpte ein del stoff på årsmøtet sist helg måtte eg bare ha litt av det nye stoffet Lisi Design på Jærhagen hadde fått inn. Aspegren frå Danmark. Mange flotte fargar og bånd som matcha stoffa. Kan anbefale ein tur der:)))
Ha ei fin og kreativ veke!
Takk for kommentarer dokke legg igjen på bloggen. Alltid like gildt og inspireande.
Klem Lilla dør.