onsdag 28. desember 2011

Juleteppene som ikkje vart heilt ferdig


 Juletreteppe klar for frihåndsquilting. Kjekt med litt romjulsying og.


 Toppen på eit slumreteppe som er på gang. Hadde det med til inspirasjon og ide på kurset eg hadde i haust.


Reinsdyra er iallefall i form og i feststemmning til jul :)
 Kjem meir etterkvart.

mandag 26. desember 2011

Kvit jul på Jæren.


 Tur langs Borestranda i dag. Sjøen skumma godt. Det er vel det nærmaste vi kjem kvit jul i år.


Landsskapet hadde forandra seg mykje sidan sist eg var der. Sjøen gjekk heilt inn til sanddynene




søndag 25. desember 2011

God Jul!




Ynskjer alle ei riktig god jul!

Motivet er frå ein duk mor mi har brodert til meg.  Eit gammalt mønster. Ho hadde fått det påteikna på linen av ei gamal tante av seg ....... nesten retro.  Men flott iallefall. 
Duken har fått plass på stovebordet.  Flott arbeid og fint motiv.






lørdag 24. desember 2011

Siste pakkane er på plass.


 Denne siste pakken vart på plass idag. Ferdig innkjøpt tifdlegare men eg trong ein pose. Stripekjeks-jernet til å koble på kjøkkverna på miksmasteren.   Kva er vel jul uten¨stripekjeks" for gubben og dei andre i familien. Difor er det viktig å videreføre tradisjonen til neste generasjon. Oppskrifta er på plass når kakene skal lagast.  Oppskrifta er henta frå svigersmor si oppskriftsbok, skrevet av av gubben då han var guttunge.  Gubben lagde stripekjeks  som fyrste kakesort hjå oss denne jula. Knallgode. Det er ennå litt igjen. Stikke du innom på ein kopp kaffi skal du få smake.


Gåvesekk fylt med gåver....gildt og av og til å legge litt i innpakningen. Sekken kan brukast til ymse etterpå, pute, oppbevaring av julepynt, strikkepose etc........ Sekken er sydd i lin og rosete bomullstoff. 

Kom i mål i år og!
Klar for julefeireing!

onsdag 21. desember 2011

Klar for jul!


 Gillt når alle kjem heim til jul. I tillegg får vi besøk av mormor frå Florø, kjempe kjekt og godt.


1. juledagsbrødene er klar. Ein gamal tradisjon i familien på mi side.  Lyse rundstykke med rosin på frokost tallerken 1. juledag. Stammer frå olderfaren min som reiste til Florø før jul og hadde med seg heim kvar si slik "kake".  Slik har mormor mi baka, mor mi baka og eg ...........





Pepperkake lysestakane mine lyser godt opp i kjøkkenvindauget.  Gløggen varmast på konfyren og julesangane spelar på radioen og me liker det:)))


Utsikt frå kjøkkenterassen vår i ettermiddag. Flott ver litt..... kaldt .......med litt sol dis... 
Desember er ein fin månad!

Klem lilladør

tirsdag 20. desember 2011

Vinter teppe



 No er vinterteppet mitt ferdig. Med ullfleece på bakstykket og heimestrikka kant rundt teppe. I tillegg til ulike lyse bomullstoff har eg brukt strikka bitar og hekla små servietter i det som skal symbolisere snøkrystaller:) Teppet er punktquilta i kvart hjørne av blokkene.




Her er inspirasjonen til teppet . Eg var på strikkeserminar på Raulandsakadmiet i fjor vinter der eg var på fordrag og workshop der me fekk utleverte eit tema og og ukeblad. Mitt tema var ice queen. Her ser dokke resultatet der eg har klipt og lim saman til moodboard.  Då eg no tok det fram igjen inspirerte det til dette vinter teppet i stoff.


Detaljbilde av kanten og bakstykket.


Har og brukt stempel med snømannsmotiv.


mandag 19. desember 2011

Glimt ifrå kjøkkenvinduskarmen min no i desember.


 Har "colakasse" med rom. Den vart sett på høgkant og brukt til settekasse for ulike pynteting som høyrer jula til.  Noko er gamalt frå det eg laga som barn og noko er nyinnkjøt eller fått:)



Denne nissen har eg sydd i ullstoff og malt på ein del av detaljane.

 Denne er tova eg på ein mal og stappa med ull etterpå.:)

 Desse nisseungane har strikka kropp og laga hovud av tricotstoff på ull som er forma som kuler. 


Ha fin desember forsatt.




Denne leveggen fekk frå Tone (Heimefronten) for mange år sidan. Er kjempe glad i den. Brukt som bakgrun i kjøkkenvidauget mitt. Fine å ha som bakgrunn til snømennene eller nissane. Så Tone, denne var bare heilt topp.