torsdag 22. august 2019

Klubbkveld og englar


Ikkje ofte eg starter med engleproduksjon i august....men dokkeklubben hadde klubb kveld og me hadde fått beskjed å ta med 30 cm stoff og tynn vatt.....Veldig kjekt med slik kveldar med samsying og litt kreative utfordring som me gjerne ikkje hadde sydd ellers.




 Eg sydde mine i lin. med og uten prikkar. Boa fekk eg av vertinna .....til og med rosa. Eg synest engelen min vart riktig så kul, men måtte sy ein enkel og. Kanskje meir meg. Eg får seia som Rema 1000 reklamen: "Det enkle er ofte det beste"





Klar til desember og "engler daler ned i sky". Det blir kanskje fleire av dei når jula nærmar seg. Takk for mønster og ide Sabrina. Alltid kjekt med klubbkveldar med dokkeklubben. Me har vel snart sydd saman i 25 år eller meir.

Klem
Lilla dør

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar