torsdag 8. februar 2018

Ny genser på strikkepinnane


 Sist helg var me i Oslo og besøkte studentane. Ei kjempekjekk helg. Søndag var vi på rusletur mellom anna på Grünerløkka og då måtte me innom garnbutikken Pickles.


 Eg har lenge hatt planar om strikke ein grønn genser til den yngste av guttane mine. Med garn og strikkepinner i posen var det ikkje lenge før eg var i gang.  Det blå nøstet er blitt til lue til guttane (Gjertrud har strikka dei)



 Oppskrifta eg bruker er frå boka #bystrikk. Mikagenseren, eg har strikka fleire av den før til andre og i andre fargar. Veldig grei å strikke. 


 Med vinter og surt ver er det kjekt med nytt strikk.  Men det kjem nok til å ta si tid då eg har mange prosjekt på gang samtidig.....men det er vel heilt normalt.


Klem
Lilla dør

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar