søndag 18. november 2012

Fantastisk jillt har det vore


Eg har hatt ei flott helg med mykje jillt innhald. Eg har fått gjort mykje som eg har hatt lyst til lenge. Fått sulla rundt og pynta litt, vore på hogst i eigen skog i hagen:), fått strikka og hatt mange gode kopper med kaffi. Til og med føremiddagskaffi i sola ute:) Her ser du bjørka me saga ned. Den var ca 6 - 7 meter.




Bjørkeriset brukte me til å laga nytt tre/søyle på trappa til å surre julelys på når desember kjem. Resten av prosjekt kjem etter kvart. Fekk brukt heile treet. Kun ein meter av stammen gjekk til ved:) Det blir spennande å sjå om eg blir fornøyd når prosjet er ferdig....kanskje neste helg. Godt med desse heimehelgene med fri.




Jammen såg me sola idag.
Så då var det ikkje lenge før eg og kaffi kanna var på plass og kunne nyte det vi laga i pøsregnet i går :)


 Eg har og byrja på nytt strikkeprosjekt på strikke maskina. Eg har lenge tenkt å lage trekk til puffen i gangen. Ulike gråfarger i norsk mønster - åttebladroser. Strikkar i Finull, det er nok i det tjukkaste laget for maskina! Må ta tida til hjelp, ellers mister eg fort masker:)


 Litt av det eg plukkamed meg på fjellturen til Voss og Mjølfjell tidlegare i haust. 


 Mykje god tid til inspirasjon. I blader og som her i ei flott strikkebok eg har lånt for helga...den må nok stå på ynskjelista mi. Er litt fasinert av å strikke ovanfrå og ned.


Når det er surt og mørkt ute er det ekstra jillt å pynte og tenne sterarinlys inne. Så kan eg bare nyte det å vera inne med god samvittighet.


Velkommen til nye følgarar og alle dokke som er innom. 
Takk for kommentarer.

Ha ei fin og kreativ veke.
klem
Lilla dør

7 kommentarer:

  1. Så flott det blei har mykje bjørketre på hytta:-))

    SvarSlett
  2. De er dyktige!
    Er nok ein smule misunneleg på bjørkesøyla.....;0)

    Kos dokke og nyt dagane!

    Solklem

    SvarSlett
  3. Så kreativ du her! Her må eg nok kikke innom litt oftare, ja. Eg er sjølv veldig glad i og bruke naturen og har lyst til å lære meir om kva eg kan plukke med meg og kva eg kan bruke. Ønskjer deg ei fin og kreativ veke.

    SvarSlett
  4. Mange flotte og spennende bilder! Likte godt bjørkesøyla du har laget:)

    SvarSlett
  5. Ikkje verst når ein kan sage ned eit tre og så lage seg sitt eige :)) og endå til ha litt å varme seg på attåt. Slikt kan ein vel kalle kreativt til tusen. Mange flotte bilder. Takk for inspirasjonene.

    SvarSlett
  6. Koselig og inspirerende blogg du har med mange flotte bilder:-) Legger meg til som følger:-) Hilsen fra Marianne

    SvarSlett
  7. Hei! måtte innom ein tur igjen ,før eg stenger av sjappa for idag.Du er ein kunstner , det er sikkert. Nyt å kikke å¨alle bildene dine.Blir i stemning av det, så tusen takk og god kveld i stova.

    KariTS

    SvarSlett