søndag 19. juni 2011

Sommar på kjøkkenet.

I det eine kjøkkenvindauget har eg sydd om ein gammal brodert duk eg hadde arva. Hadde lege i mange år sidan han var for smal til bordet. Har lenge hatt planar om å bruke den til gardin. Det vart sommarleg på kjøkkenet med eingong.







 Detaljbilde frå broderiet. Flott brodert og mykje arbeid. Godt at den kom til heder og ære igjen!



I vidaugskarmen er det god plass til te mellom anna. Eg har vore på Tehuset i Stavanger og kjøpt rabarbrate og urtete . 


Her har eg fått opp sommargardinene i det store kjøkkenvindauget. Ein kombinasjon av stripete bomullsgardiener og einsfarga eplegrønn lin. 







Ei gamal skål eg fann på Fretex har fått plass i vindaugskarmen med blomster i. Sjå det flotte motivet på den,  nesten som eg kunne ha brodert det:)





 Ein gamal gelepulverboks er blitt til  kakeboks . Ei av jentene har fylt den med gode sjokolade kjeks.....

1 kommentar:

  1. Så smart du er. Nydelig arbeid er kome til heder og verdighet så absolutt. Eg lar meg inspirere, mon tro om eg har gamle dukar som kan brukast til noko. Du er kjempesmart.

    Ha ei god veke!

    Klem :)

    SvarSlett