tirsdag 24. mai 2011

Frå Gjenbruken til.......

 I sist veke var eg ein tur innom Gjenbruken på Klepp igjen.  Her ser dokke resultatet. Den helka brikka har eg tenkt skal bli toalettveske. 
 Bilde har eg fjerna frå ramma og vaska. Og det har blitt til sommerveske i lin ( sjå nedanfor). Det siste er perle broderi, små perler som er sydd i små blomsterbukettar på eit stoff. Det blir nok ei lita sminkeveske eller selskapsveske etter kvart.
 Her er sommerveska i lin. Har sydd på ein blondekant oppe for å mjuke opp veska meir og få eit ennå meir sommerlett preg :)
 Inni er det lomme med glidelås. Og ikkje minst band med krok til å feste nøklane i. Så kanskje slepp ein å leite seg ihel etter dei når me trenge dei.  For ein veit at ei dameveske kan ofte være ganske innhaldsrik!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar