søndag 31. mars 2024

Brannmann Sam lue


Dei tre guttebarnbarna mine fekk kvar si lue med brannmann Sam, blir aldri formykje av slik luer..... trur eg


Klar til bruk i vårsola. dei vart ein del av påskeegget. Treng ikke bare være snop oppi det, tenke eg.


Klem Lilla dør
 

torsdag 21. mars 2024

Petite knit sin bamsegenser


Bamsegenser til Petite knit. Denne genseren har eg strikka mange av.... ein favoritt å strikke til alle mine  8 gullunger. God passform og lett å strikke.


Hadde to hesper med værbitt handfarga søljegarn fra Hillesvåg. Farge mikkel rev. Brukte 145 gram på denne genseren. Varm og god ullgenser til barnehagen til hausten igjen. 
.

Strikka i størrelse 2 til 3 til ei av prinsessene mine.



 Klem
Bestemor

onsdag 20. mars 2024

Fleire av desse luene


Drivhustrikk det kan me like :) ....vår i lufta
a


Påskestrikk i bruk. Her er ei av prinsessene mine med si nye påskelue og vottane eg stikka i fjor til påske. kjekt med strikk i  bruk.


Ei ny og ei gamal lue. Den fyrste strikka eg for tre/fire år sidan. Men kan fortsatt brukast


Her gjekk .eg  lens for den gule silkmohairen  men fann eit restegarn. Difor ulike fargar på kyllingrekkene, noko eg synest er heilt ok. Jillt å få bruke restegarnet.

Då har alle dei tre små prinsessene mine fått kvar si lue..... eg er så heldig å ha tre små jenter på 1 år. (To av dei er tvillinger)



 Klem
Bestemor

fredag 15. mars 2024

Strikka kyllinger på pinnar



Eg såg ideen på "nettet", me ser litt der og litt der. Eg laga min versjon. Strikka fyrst eit egg fylte det med ull. Monterte det på trekloss med pinnar til bein. 



Litt flakkande i blikket men klar for påskefeiring 


💜💜


Ensom og venter på fleire av samme sort, kjem etter kvart


Sko/lubbar måtte dei jo ha

mandag 4. mars 2024

Flinke barnebarn


Kreative barnbarn laga kortholder saman med mor si. Var på hytta og spelte kort, av og til kan det vera vanskelig halde alle korta. Ned i vedkassen/bestefars restkasse og fann fjøler.  Jentene på 4 og 6 år var kjempeflinke til å både skru og lime samen kortholdere. Dei laga kvar sin..... se bare her
r


Knallbra !!!


 Klem
Lilla dør

torsdag 22. februar 2024

Gjere ferdig påbegynte prosjekt


 Har vore ei greie no i februar. Bare i denne lille boksen var det 7 prosjekt. Snart i mål med dei alle, det doble sengeteppet har igjen å quilte. Se tidlegare blogginnlegg om dei ulike prosjekta. Fornøgd eg har kome i mål med dei. Har merka desse prosjekta med # gjereferdigpåbegynteprosjekt


Klem
Lilla dør

onsdag 21. februar 2024

Paw patrol luer til tre av guttane mine


Ein av guttane fann dette stoffet når han var med mor på sybutikken. Kjekt å kunne sy kvar si Paw patrol lue til tre av barnebarna mine. Det var stor stas då dei fekk dei i dag. Blir nok brukt i barnehagen i morgon. Kjekt å sy når dei blir så begeistra for luene.
.


Ein.to, tre.. det var det eg fekk ut av den halvmeteren.....



 Klem
Lilla dør