onsdag 20. april 2022

Kjøpt meg garn .......


Kjøpte meg garn til to barnegensarar hjå Ullrommet.  Tenkte å strikke kvar sin til dei yngste guttane. Gler meg til å starte. Hadde planer å gjere det i påska men det vart mykje friluftsliv i staden, måtte nyte fine veret.


Halvparten er med gul silke og den andre med turkis/sjøblå silke....


Grå trøndersau og sarisilke


 

Klem
Lilla dør



tirsdag 19. april 2022

Meir bjørkekransar



Me rydda kratt og småbusker på hytta i påska i finværet. Mykje uteliv med bålpanne. Fekk laga meg endå fleire kransar og nokre hjerter. Litt krokete vart dei men men. Kjekt å halda på med var det iallefall i finveret. 



Desse vart med til Jæren....finne vel ein plass.


 Dette hjertet vart hengande på vedbua. Vedbua har ikke fått beis ennå...men hjertepynten er på plass.....

Klem
Lilla dør

lørdag 16. april 2022

Påskeegg til barnebarna


Påskeegg til barnebarna er blitt ein tradisjon. Fylles med litt snop, litt heimestrikka og litt til :)


Sitteunderlag har eg kjøpt på jobb men vottene har eg strikka





Jammen har det ikke sneke seg opp i nattas og ....til stor gled for gutta boys med gravemaskin på eller søte påskekyllinger





Desse påskeegga liker eg. I år kokte vi påskeegg x 2 i fjæra.



 Klem

Bestemor

torsdag 14. april 2022

Kjæsjlanda påskehare


Noen ideer er sprøere enn andre... her sydde eg fyrst ein hare etter mønster eg har brukt og designa før men no utan hode  :))
Hadde laga bjørkekransen fyrst . stasa den til med gåsunger og egg. Artig å lage ......kjekt  og enkelt med limpistol


Den henger på verdasjillaste hytte .....kanskje blir det ein heilårs krans ellers må eg putte den i ein kasse til neste påske.


Klem
Lilla dør

 

onsdag 13. april 2022

Bjørkekranser


Me saga ned eit lite bjørketre medan vi rydda litt rundt hytta.... fekk brukt greine til lage nokre bjørkekranser. Kjekk uteaktivitet i sola. Fekk laga tre stykk.




Brukte den største ved døra. Sette opp i påskekyllingane eg strikka for nokre år sidan. 


Ei grein vart til eit lite hjerte på hytteveggen



Har planer med dei to siste kransane ... skal legge dei ut etter kvart. 


 klem
Lilla dør

tirsdag 12. april 2022

Påskevottar


Strikka kvar sitt par med påskvottar til barnebarna mine. Dei to eldste sine strikka eg i vamsegarn og tova. Dei andre to i finull.
 

Her eine paret i vamsegarn.



Koselig påskestrikk. Kjekt med slike småprosjekt. Dei vottene som er tova vart både tjukke og mjuke. Fann ut at enkel i finull passa best til dei små eittåringane slik at det ikke blir for klumpete når dei er så små.
Alle para vart putta opp i påskeegga...




GOD PÅSKE



 Klem
Bestemor 

fredag 8. april 2022

1 kg gullerøtter


Nesten ferdig, mangler bare litt stæsj
j




På plass på kjøkken benken


Kjekke og morsomme å sy.  Ingen like, alle originale. 





 Klem

Lilla dør