torsdag 15. mars 2018

Hekla harer i oldemorsrute-teknikk



Mønsteret fann eg på homemade@myplace ..... måtte bare prøve det.
Hekla dei i bomullsgarn, men dei hadde sikkert vore fine i lin og.


Det blir nok desse fem 


 Dei er hekla i ein type oldemorsruter. Artig, snare å hekle. 


Eg hengde dei på ei trollhasselgrein, nett no har dei plass i kjøkkenvindauget.





Klem
Lilladør

onsdag 14. mars 2018

Fornying av julekransen



 Har vore på jakt etter små kyllingar men dei var ikkje lette å finne.  Fann desse på Upstairs, men eg kunne tenkt meg at dei var litt mindre:) 
Eg hadde sett for meg tett i tett med kyllinger på kransen men måte begrense meg pga størrelsen på kyllingane.


 Vår/påske fornying av julekransen.  Eg fornya han med nokre greiner.






 Sjølv om dei var litt store var dei søte og av rette sorten.


Klem
Lilla dør

mandag 12. mars 2018

Fleire dunlette kyllingar


Fekk totalt 6 kyllingar av eit nøste av garnet AIR. Strikka med dobbel tråd.
Drops design




 ser nesten ut som garnnøster:)))





 "Flytta" inn på greinene med gåsungar i stova.Dei
 er nok veldig dekorative på eit hylle og. Men eg kjem nok ikkje til å strikke fleira av dei i år.


klem 
Lilla dør

søndag 11. mars 2018

Godt tegn når ein har hatt den fyrste hagedagen....snart vår:)


 Den gamle dørkransen eg laga til jul trengde fornying:))). Eg tenkte eg kunne lage ein påskekrans av den. Kjekt å kunne byrja bruke hagebenken igjen til slike kreative gleder.


 Ikkje så verst


 Gubben stod for det mest av innsatsen. Eg hadde nok med å være bekymra over slik store prosjekt.
Han felt to store tre i frå skråningen i hagen. Då var det snakk om stooore tre, Det gjekk godt. Ei
 furu og ei garn tre mindre, Mykje bedre utsikt og lysare. Det liker vi.



 Endå bedre utsyn mot Feistein



Vår på Jæren sjølv om det bare er tre fire plussgrader



Neste dag var det kvitt ute igjen.


 Litt førebuing til påske vart det og....kjem meir av det etter kvart.


Klem
Lilla dør

lørdag 10. mars 2018

Lilla dør hadde sykveld på Jæren Quiltelag.


 Saman med desse harane hadde eg sykurs på Jæren Quiltelag 7. mars. Det møte opp ca 28-29 damer med symaskiner, klar for sy. I løpet av tre timar vart mange nesten ferdige med sine påskeharer. 



 Eg hadde laga klar materialpakkar med ferdig på tegna mønster:) klare til å sy


 Mønster på Harane var til salgs. 







Det ligge mange bilder frå kvelden på Facebook se under Jæren Quiltelag. 

Klem Lilla dør

fredag 9. mars 2018

Klubbkveld i dokkeklubben i går


 Gg har gått i ein klubb i langt over 20 år som me kaller Dokkeklubben. Det heile starta med at me laga dokker og nissar. No syr vi og quitler det meste.
Alltid like kjekt og inspirerande å treffast. Show and tell er viktig innslag.


 Ofte har vi eit fellesprosjekt. I går skulle kvar tegne eit motiv på A4 ark som vi overførte på eit linstoff....for så å bli sydd til ein "pose".
Ide og inspirasjon til posane såg me på Pinterest men det var viktig at me måtte sette saman og tegne vår eigen. 



 min


 Gerd


 Sabrina


Linda

Så no reknar eg med dei er heilt ferdige til neste klubbkveld......kanskje kanskje ikkje.
Jillt var det i allefall!


Klem
Lilla dør

torsdag 8. mars 2018

Påskeposer på gang (Syhelg del 3)



Inspirert på Pinterest tegna og sydde me påskepose og denne i helga. Eg sydde min med frihåndssaum med symaskina. Med untak av sjølve omrisset av haren med knapphulstråd og rettsøm.


 Med litt stoffrester, vliselin og blyant vart det pluteslig ein litt påske inspiret strikkepose :)


Klar  til montering....litt usikker ennå korleis eg skal gjere det. 
Kanskje blir den ferdig til påske.

Klem
Lilla dør