onsdag 12. februar 2014

Utruleg men sant:)




Sjå eg har passert over 150 000 sidevisninger på bloggen min i ettermiddag. Over 12 000 bare siste månad.
Djupt takknemlig. Bare sidan søndag har det vore over 5 000 sidevisninger. Den siste veka har vore ekstra pga Ol lua.


 Tusen takk til følgarar og dokke som legg igjen ein kommentar. Det varmar og gir inspirasjon.


I kveld held eg på med den 3. OL lua i Babyull. Passar godt med hekling av lue saman med 
OL-sendingane på TV. Dei seier på Dagsrevyen at det er ein farsott med hekling i Norge no. Det liker vi.


Ellers feira eg bloggen med ein god kopp kaffi og kakerester frå søndag. Brownies med appelsinsmak. 

Go´e kveld vidare!

Klem
Lilla dør

tirsdag 11. februar 2014

Ol lue nr. to:)


Dette var jillt.
 Ungdommane set pris på lua. Har ei lita "venteliste" på den. Denne lua hekla eg i dobbel Babyull. Eg likte det mykje betre enn den fyrste som eg hekla i Falk. Det blir nok ei blå lue til og så går eg nok over til andre fargar som tildømes knall gul:) 


Klar etter ein kveld foran tv-en:) 

OL sendinger på tv og hekling er igrunnen ein fin aktivitet. Må nok ut for å kjøpe to nøster garn til.
 Neste lue går vel til Canada:) Litt norsk reklame er bra der og.

Ha ein fin kveld og gratuerer med alle medaljene vi fekk i dag. 

Tusen takk for alle kommentarar i dei siste innlegga. Jillt det. Varmar mykje og gir inspirasjon.

OL klem
Lilla dør

søndag 9. februar 2014

OL lue





Min eigen versjon av OL lua 2014. 


 Eg fann ut etter å ha studert bilde av lua til skiutøverane, at den var hekla i halvstavar. Sjå bilde over her.
Var utom strikkebutikken min på Bryne, Idestova, og fekk garn som kunne passe i tjukkelse og farge. Enda opp med Falk. Hekla lua med heklenål 3,5. Det gjekk med to nøster.


 Måtte starte opp igjen ein del gonger før eg var fornøgd med reslutatet.
På nokre av bilda vart blåfargen litt matt (den er friskere i verkeligheten.)


her er utgangspunktet og inspirasjonen :)


 Ferdig:)



Klar til bruk.
 Lua er tatt i bruk og snart på veg til Bergen.

Ha goe søndagskveld vidare og ha  ei fin veke.
Klem
Lilla dør

søndag 2. februar 2014

Nytt leiketøy


 Har fått meg ny Dymo-maskin.

 Tydelig at ting går i bølger. No i litt nytt design. Denne kjøpte eg hjå Clas Olson på Bryne.



 Kjekk til merke strikke- og heklepermane mine.


Mi nye notat bok til kreative sysler og skisser.


Ved print av namn etc gjer det  gåvene endå litt meir personlege. 

Har og tenk å prøve meg på å sy dei på ulike ting meir som dekor......

Klem
Lilla dør

lørdag 1. februar 2014

Mi fjerde bok :)


 Eg hadde i grunnen ikkje trudd at eg skulle gi ut bok. Men idag kom mi fjerde. Riktig nok i lite opplag:)
No har eg bloggåret 2013 også i papirutgåve. Synest det er jillt.......nesten litt historie og oppsummering. Iallefall når det gjelder mine kreative krumspring.


 Glimt frå boka




Baksida

Instrgrambilde eg la ut i ettermiddag:)
karialise er namnet mitt i instragram-verdenen.

Ha ei fine helg. 

Klem
Lilla dør

torsdag 30. januar 2014

Mohairsokkar



 Ein strikkeufo er ferdig. Litt mindre i korga......trur eg. Eg har strikka ferdig sokkane av flott mohairgarn ( 90% mohair og 10% ull). Eg kjøpte garnet ei tid tilbake hjå Ullrommet. Ho har både spunne garnet og farga det. Kjempefint garn i nokre flott fargesjatteringer.




 No er dei klar til bruk. Passa godt no i desse vinterdagane. Kjempe gode og varme sokkar. Desse skal eg ha sjølv:) Eigen oppskrift etter infallsmetoden, meget fornøyd.
Strikka dei på pinner nr 3,5. brukte ca 175 gram garn. Brotet er fyrst glattstrikk og deretter tre rett og tre vrange. Sjølve helen og foten er glattstrikk.
Tok dei ut og lufta dei i dag til ære for fotografen.


 Klem
Lilla dør

tirsdag 28. januar 2014

2 meter uglestoff


 Tidleg i haust kjøpte eg meg to meter med uglestoff på Stoff og Stil. Eg falt pladask for stoffet men hadde ingen planer for korleis eg skulle bruke det.  Eg veit ikkje om eg betalte 100 kr for det heile. No har eg leika meg med desse metarane. 

Det fyrste eg sydde var eit putetrekk til ei 80x80 pute. Den har eg allerede gitt bort. Til stor gled for mottakaren:) fekk eg melding om. 



 Her frihåndsquiltar eg nokre mug ruggar.


 Sydde to store handlenett.
Pynta dei litt med bånd.


 Tok dei ut og fotograferte dei og fekk fram den heilt rett fargen.


 Fekk og nok stoff til to mug rug på 8x5,5 inch. og ein litt større på 8x8 inch til ha tekanna på
Dette settet blir nok ei gåve og. Det er noen som liker ugler meir enn andre.



Takk til dokke som ser innom.
Takk for  inspirasjon til meg ved at du legg igjen ein kommentar eller to. 

Ha forsatt ei goé veke
Klem
Lilla dør