lørdag 30. april 2011

Nye kleshengarar



 No har Lilladør fått lilla kleshengarar:). I gangen utanfor døra inn til arbeidsrommet, heng kjelken min som eg fekk av onkelen min Arve då eg var eitt år gammal. No er kjelken kommet til heder og ære som garderobe hylle.  Tenk å komme over desse flotte kleshengarene. akkurat same farge som døra mi :) Dei må nesten vert spesiallaga til den lilla døra........velger å tru det.  Så kom på besøk..........velkommen.

Bytur!!!

 Var ein tur innom Søstrene Grene i Stavanger, kom over dette bomullsgarnet i desse flotte fargane, kunne ikkje gå forbi.......så garnlageret mitt veks og veks. Treng snart hjelp!!! Har planlagt å hekle meg eit sommerteppe med blomster. 



 Også måtte eg bare ha denne korga. Den ropte etter meg i ein blomsterbutikk. Den blir nok brukt til garn og ikkje blomster. Den var bare heilt fantastisk flott form på korga. Eit kupp spør du meg. 

Mug rugs

  

No har eg og laga mug rug! Praktisk som tefat, her er er det plass til både koppen og noko attåt. Mine mug rugs er inspirert av kaniner  som gøymer seg i kålhaugen:).  Har frihåndsquilta dei. Dei måler 5,5 - 8 inch. Har fått lyst til sy fleire, så eg lyt nok lage nokre med litt meir sommar motiv.

onsdag 27. april 2011

Anemone

 Er dei ikkje flotte!!!! Har fått kjøpt meg nokre anemoner hjå Hedleshaug på Bru. Den eine pryder hagebordet og den andre har fått plass i staudebedet. 

Hønekveld i hagehytta.



I kveld var elve damer samla til kreativ hønekveld som avslutning på påska.  Me hekla ulike egg.  Tatlet gjekk villig og mange idear vart lufta. Mellom annna fekk me mønster på sticheries som vi skal sy oss hekle/strikke posar av. Kjem tilbake til det etter kvart. Menyen var sjølvsagt egg og eggesalat på  rundstykker, forruten sjokoladeegg då.




 Her ligger isoporegga klare til å bli hekla rundt og pynta. Her er det bare fantastien som begrensar.



Eg dekorerte eggekartongane med stempel. Fin plass til å oppbevare egga i når dei er ferdig hekla, eller ha som pynt.






Sjokolade egg.......var det høne kveld så var det hønekveld:))) Heile 2,5 kg egg var det her.......me klarte ikkje ete opp alt, så me kan ha fleire kveldar!







Litt høne inspirasjon frå påskekort og serviettar!!




Høne sydd frå boka Vårgleder(Morken/Stenkløv). Den hadde fått plass over bordet og kunne følge godt med:)



Noen hadde pynta seg ekstra for kvelden!

søndag 24. april 2011

Rowan genser

 Har strikka genser til ei av jentene mine. Fann oppskrifta i Rowan Magazine Nr 48.
 Det var eit kjempeartig mønser å strikke. Mønsteret bestod av to mønster omganger i rapporten. Genseren har raglanarmer, så genseren vart strikka i fire deler og maska saman før halsen vart stikka på tilslutt, den var lang 30 cm. Genseren vart veldig tjukk så den må nok ligge til vinteren før den blir tatt i bruk:)).     Eit lite utsnitt av mønster rapporten:


Tilslutt sydd i merke................

torsdag 21. april 2011

Tid for hagen og God Påske!

 Det har vore lite tid til sying og strikking dei siste dagane. Det har gått mykje i hagearbeid. Fått "flytta" ut på terrassen igjen og pynta litt i krukker etc.  Junioren har fått planter og sådd i drivhuset.  Me kan igjen drikke kaffi og ete middag ute ......det er vår og snart sommar!

Perleblomar i sink fat med fjæresteinar rundt. Eg synest det er flott med fargekombinasjonen blått og grått.

  
Fiol med pil og trollhasse-krans rundt blomsterpotta.

 Tomater i drivhuset her har me juksa litt med vore på handel hjå Kåre Wiig :) Cherry tomater. Resten er sådd og kjøpt som små planter...gildt med ein stor tomatplante som me snart kan hausta ifrå.......gler meg. Jordbæra er og på gang. Fått sådd blomkarse og erterblomar!








Igår var det vaffelsteiking på steinbordet i hagen, ein fantastisk dag/ettermiddag! God start på påskeferien. Vaflane blir ekstra gode då :)




 Påskeliljer og store primulaer  

 GOD PÅSKE !!!! 

Det er kjekt at du er inne å ser på bloggen min og ekstra gildt når du sette deg opp som følger og legger igjen ein kommetar. Det gir ekstra inspirasjon og glede for meg.....