søndag 1. november 2026

Appelsin og litt til


Julekransa av piperenser og pynta med perler og kunstig snø. Store barn har små gleder kan ein nesten seia her:)))
)


På siste dukkehusforeining laga me appelsin,  både runde og oppdelte. Me blanda ulike farga av fimo leiren og forma til. eg steikt det no idag.  Ganske smått men jillt. Så det blir appelsin til jul i nissehuset i år:


 


 Klem
Lilla dør

fredag 30. oktober 2026

Gresskarlue



 Strikka den i størrelse 1 til 2 år. Design og mønster frå Woolix


b
Strikka i Double Sunday. Brukte eit nøste og liten rest med grønt garn.



 Den yngste av prinsane mine fekk seg gresskarlue.


Klem
Lilla dør

onsdag 21. oktober 2026

Fantastisk Dahliaår i år


 


 

I år prøvde eg meg på Dahlia bed. Fantastisk avling, blomstrar ennå rikelig. Gubben laga ein stor plantekasse på plenen som eg har hatt dei i. Ynskjer meg ennå ein kasse til våren. 



Denne røde er ein gamaldags type, fekk av ei venninne. Tusen takk. den vart kjempe stor over ein meter i alle retninger :)))





 



 



 


Denne  hadde kjempestore blomar ca 25cm 



 

Denne plukka eg inn igår, fantstisk no i slutten av oktober.


Klem
Lilla dør

mandag 19. oktober 2026

Solsikkevimplar


Eg sydde meg femten solsikke vimpler, tenkte det kunne gi litt miljø no i drivhuset når plantene minkar av. Eg liker fortsatt å sitte litt i drivhuset med kaffi etc



Haustlige og varme farga. Matcha heilt trea utforbi drivhuset.



På plass :)


Klem
Lilla dør
 

 

tirsdag 29. september 2026

Høstkrans


Har vore på hytta ei tid no. Eg mangler symaskin (savna ho ekstra når eg ikkje har den med) men strikkepinner og garn har eg og masse fin skog og flott natur rundt meg. Etter ein skogstur i lett regn vart eg inspirert til å lage høstkrans. Starta fyrst med bregner/ormegras


Epler fra hyttehagen, ikke så fine så dei passar i grunnen best til pynt
 




 


Ferdig resultat
 



 


 Klem
Lilla dør

onsdag 16. september 2026

Miniatyrbakst med fimo leire



Brød og rundstykker. 



Baguetter


Skillingsboller, dei er ca 1 cm store.  Eg har ein del øving igjen før dei blir perfekte. neste me skal prøve oss på er appelsiner på neste miniatyr dokkehus treffet.......

klem
lilla dør




 

torsdag 10. september 2026

Dokkevogge går vidare til neste generasjon




Vogga er malt og eg har sydd madrass, puter og dyne. Klar til ei ny dokkemamma eller kaninmamma.


Detalj fra lukkingen av dynetrekket. stoffet er eit gammelt eit eg sydd av for 20/30 år sidan. Er det løye at det er fullt i stoffskapet mitt :))



 


Trong nokre strøk med maling. Det er ei stund siden eg gjorde det har stått og venta tålmodig på syrommet. Har nett hatt opprydding der,,,,,kom fram både det ein og det andre.



 


madrass og pute i skumplast
 

 


 Klem
Lilla dør