onsdag 22. desember 2021

Strikka julesokk



Eg strikka den i vamsegarnet til Rauma og brukte ca 2 nøster i fargen 064. Hadde ikkje strikke mønskter så eg strikka den på måfå, gjekk godt det:)
Vart inspirert etter eit bilde fra Hundvåg Hobby der ho hadde brodert eit hjerte. Spennande å sjå kva eg får til...... blir nok i 2022. Om det blir hjerte eller krans.
Bilde er lånt fra facebooksiden til Hundvåg Hobby

Klem
Lilla dør

 

mandag 20. desember 2021

Peppa gris nett


Sydde eit lite nett til eit av barnbarna mine.Hadde ein liten rest igjen av dette stoffet som inspirerte meg. Og så laga eg eit lite penal i samme stoffet til blyantene hennar. Både nettet og "penalhuset" sydd etter eig mønster og ide.....innfallsmetoden:))





Sydde på boreslås som lukkemekanisme på "penalhuset". Enkelt i bruk. 


 Klem
Lilla dør

søndag 19. desember 2021

Klubbkveld med løsmaskene 7.desember


Me hadde juleklubb i løsmakene 7. des. Ullrommet hadde spunne kvar vårt nøste på 25 gram med 1 tråds lingarn. Knall fint og jamnt, av det hekla vi julehjerter. Eg fekk totalt 7 hjerter av det nøstet eg fekk. 
Tusen takk!!!!


Eg har hengt mine på nokre små tre eg har funne......  nokre av hjertene har fått ny heim:))). Dei var kjekke å hekle og kjekke å gi bort.
Eg ser føre meg at dei er fine til å spre utover juleduken og.  







Oppskrifta på hjertet fann vi i denne boka. Eg hekla mine hjerter med heklenål nr 2.







SE den fine tråden!  Norsk lin på sitt beste.





Ha ei fin adventstid videre. 

Klem 
Lilla dør


 

 

onsdag 15. desember 2021

Julegåveposer av gardinkapper...redesign



Motivet på det lyse stoffet er fra ei kjøkkengardinkappe. Har applikert det på grå lin før eg sydde det saman til  gåvesekk med knyttebånd rundt åpningen.


Ei høgd kjøkkengardin med julemotiv vart plutselig ein koselig gåvepose. ....spør du meg.

Det er vel dette som ein kan kalle redesign?


 Eg gjorde eit kupp hjå Kid interiør.  Dei selde  julegardin /kapper tilden  nette sum av kr 50,- Får mange gåveposer av dei. Iallfall når eg kombiner dei med lin, slik  eg har gjort med den grå her.  Den med røde hjerter er sydd av ei kjøkkengardin som sagt. 
 

Det motivet kunne ha vore fint til kuvertbrikke og....kanskje det kan bli neste prosjekt. Har mange motiv igjen fra den gardinkappa eg kjøpte. 



Gamal gåvepose ....den stadig brukt oss i mellom ved levering av gåver med jul. No når barna feira nokre juler hjå deira svigerforeldre. er det greit å frakte pakkene i og kamuflere  dei litt :)


 Klem
Lila dør

tirsdag 14. desember 2021

Nissesokkar




Bestemor strikk til mine to barnebarn på to og fire år. Tenkte dei var kjekke no desember. Alltid like kjekt med slike småprosjekter.



Fekk inspirasjon og ide på Instagram  Men brukte mi eiga oppskrift. 







Kjekke å strikke. Starta med tåa.  Strikka dei i garnet Sterk på pinna nr 3,5.






Klar for nye eventyr..... 

Klem
 bestemor/lilla dør














søndag 12. desember 2021

Nye bakeforkle og pepperkakebaking


Sydd kvar sitt juleforkle til to av barnbarna mine. sydde det fra stofflageret uten mønster. Dei vart så store som dei blei. Hadde begrensa med stoff men dei passa perfekt. fekk til og med sy ein prosjektpose av samme stoffet. 


Koselig julestoff fra ei tid tilbake:) men llike fint for det.



Klar for baking med bestemor og bestefar... det er jillt......


Kan regulerast her ....har litt å veksa i  :)))


Masse fine kunstverk....



 

Se så fine dei vart 

Klem
bestemor

lørdag 11. desember 2021

Julegrøt på terrassen andre lørdagen i desember


Tradisjonen tro var det julegrøt og gang rundt juletreet på terrassen saman med barn svigerbarn og barnebarn. Sjølv om det var lite sol og ca 5 grader gjekk det fint med gode klær og ein del aktiviteter :)



Bålpanne, gode tepper og skinn varma og.


At bestemor har duk lik nattasane til nissane i Amailas jul :) seier vel kanskje litt om duken. Godt med gode minner:))
Men kven finn mandelen?


Eit av barnebarna fekk den. Kjempe jillt!! Stor stas å få med seg grisen som bestemor hadde sydd. ( sjå eige innlegg)


 Viktig med gang rundt juletreet!!!

Klem
Lilla dør