fredag 10. desember 2021

Julestemning på terrassen


Kjekt å pynte og bruke hagen og terrassen om vinteren og.....
.

Litt granbar rundt ein pinne vart i grunnen eit brukbart juletre ved trappa.... 


Ein blomsterkasse er dekka godt til med grønt. Det både pynta opp og det det luna godt for det som er i jorda. Kanskje staudene kjem opp at neste år






Her i starten av adventstida kom det litt snø som gav endå meir julestemning.


I morgon er det julegrøt med mandel og gang rundt juletre på terrassen. Håper det blir fin ver. Kjekt familietiltak no i desse koronatider.  


 Klem
Lilla dør

torsdag 9. desember 2021

Julegrisen 2021




Årets julegris. Rund og god! Sydd i lin. Brukte mønsteret til sStoff og Stil. Den største av grisane, han finns i to størrelser.


her er nokre griser eg sydd i 2016





Her klar som gevinst til mandelen i grøten til lørdag. Då skal vi ha familiegrøt på terrassen........
Det gler meg at fleire ynskjer seg veldig ein julegris :))). Kanskje eg må sy nokre til julegave neste år eller la det bli ein tradisjon med denne type gris til mandelen i grøten i førjulstida. Har kun 1meter stofff igjen....skulle hatt meir.....nokon som har til salgs?


 Klem
Lilla dør


onsdag 8. desember 2021

Engleduk ....


Denne lille runde søte engleduken er jille å ta fram no i desse adventstider. Sjølv om det er ein duk eg kan bruke heile året. Dette var eit klubb prosjekt for nokre år sida som eg aldri fekk ferdig. Eg fekk hjelp av mamma til å sy den ferdig.


 Klem
Lilladør

mandag 6. desember 2021

Drivhusbageriet




Eg og gubben hadde oss ein tur der 2. søndag i advent. Fin vinterdag på Jæren men kaldt. Stemninga vår god på Drivhusbageriet.
.


Fekk kjøpt oss kvar vår kopp med sjokolade med krem...Smakte fantastisk.


Fekk til og med plass ved ei bålpanne.





Kem
Lilla dør

 

fredag 3. desember 2021

Herr og fru reinsdyr


I dokkeklubben no i november byrja vi på dette prosjektet, to søte små reinsdyr. Herr og fru:)) Eg sydde dei størrelsen 18 cm. Veldig kjekke å sy. Efi design.
)


Her mangler dei bare litt klær.....det kom etterkvart det og. Dei treivst godt i stuegrana mi medan dei ventar på å flytte ut på terrassen på nissehuset som ikke er heilt klart ennå.




Dei har grunn flytta inn på terrassen på nissehuset etterkvart..... her er dei på kaffi besøk..... kanskje er det komité møte før julerøsjet :)))




Klem
Lilla dør

torsdag 2. desember 2021

Bobodress nr 2



Strikka på pinna nummer 6 denne og oppskrifta fann eg i Rauma sitt hefte nr 367. Brukte ca 250 - 300 gram.


Klar for kalde dager i barnhagen. 


Strikka i fin isblå farge i Vams . Isblå 301


 
                                                 
                                          
                                                    Her er den andre dressen eg har strikka    



Klem
Bestemor/lilla dør

onsdag 1. desember 2021

Snømannsgardin/blendingsgardin :)


Eg falt pladask for dette stoffet Acufatcum snømannstoffet.  Hadde i grunnen tenkt å sy juledsokk men  det vart "blendingsgardin" på gjestetoalettet .....
.

Quilta det med tre. Her har eg laga quiltetre av frysepapir som eg kan stryke fast.






Lukkekant rundt det vil ikke vise men stabilisera gardina då eg har sydd den som ein lite quilt. 


 På plass til desember


Klem
Lilla dør