mandag 22. november 2021

Julegensarar til barnebarn


 


 Har strikka to små nissegensarar til dei to meste barnbarna mine. Dei er strikka i størrelse 1 og 2 år. Drops design sitt julemønster i år. Eg har strikka dei i Alpakka  Bris Viking garn.  Etter oppskrifta var det Drops air som skulle ha vore brukt. Er i grunnen godt fornøyd me garnvalget. Mønsteret ligge ute som gratis mønster hjå Drops design.


Dei er strikka ovenfra og ned på pinna nummer 4 og 5. Det gjekk med ca 100 gram grått garn til den minste størrelsen.


Likte godt den grå melerte fargen 313






Dei vart veldig mjuke og gode. Gler meg til å se prinsane i dei no i desember. 





 Klem
Bestemor/lilla dør

lørdag 20. november 2021

Kranser og engler


Det vart einerkrans i år og...
.

Fekk invitasjon eller eg bad vel om det... til å bli med på lagekveld hjå svigerinna mi no i november. Resultatet vart to moseenglar. Kjempefornøgd. Kjekt med noko nytt. Desse laga vi på oasis.



Einer er ein av mine favoritter til lage krans av...


 


Klem
Lilla dør

torsdag 18. november 2021

Endå ein ufo ferdig


Denne gåveposen har blitt liggande igjen siden eg laga modeller til kurs for ca 8 - 10 år sidan kanskje.... men no er det ferdig. Her var applikasjonen strøken på stoffet. Sydde det på med frihåndsquliting. Kjempe kjekt arbeid ...
.

Eget design, var ein del av eit kursopplegg ei tid tilbake......


Klar til bruk etter å ha sydd saman sidenesømmen og bretta ned kanten oppe. Sydde tilslutt på bånd til å knytta den igjen 






Får nok ny eiger til jul.... truleg reiser den på juletur heilt til Toten.....
 

KLem
Lilla dør

onsdag 17. november 2021

Nissehus del 1


Utgangspunktet var eit dokke hus fra Ikea...og eg tapetserte dei ulike romma. Eg har samla på møbler og invetar dei siste 20 åra så det tok ikke lang tid før det vart forlite og eg byrja tenke å søke om utvidelse (hjå gubben)


Ein av dei fyrste kaffi og musikkstundene i nissehuset :)))



Hjelp har ti nisser til,  mangler klær men har hoder.... 


Hadde sydd eit mini qulite teppe ca 25 x 25 cm. Passa perfekt inn





Post kassen er på plass... dette er fyrste del, det kjem meir, for dette var kjekt og når ein går i ein dokke klubb  der alle er like gira på nisse hus blir ein lett tatt med i vinden. Så følg med.

Klem 
Lilla dør



 

fredag 12. november 2021

Litt meir bestemorstrikk. Rød tutti futti genser.



Eg hadde liggande noko noko Olava-garn frå Camilla Phil.  I ein fantastisk fin rødfarge. Eg strikka ein tutti futti genser. Garnkvaliteten er ei blanding av alpakka og highlandsull, mjuk og behagelig. Prefekt til barnegenser. Strikka denne i størrelse to år. Genseren passar som julegenser i desember men er like perfekt til heilårsgenser . Iallefall varm...... Restane strikka eg to luer av( se eget innlegg).


Strikka på  pinna nummer 5 og 6.5. Strikka nedanfrå og opp. 


 



Klem
Bestemor/lilla dør

fredag 5. november 2021

Bobodress og bobobukse


Har strikka dress til det minste barnebarnet mitt.  Mønster er fra Rauma vamsegarn. Brukte nesten 200 gram.  Den er strikka på pinne nummer 6.  Mønsteret finn ein i raumahefte nr 367.


Er godt fornøyd. Grei å strikke, mjuk og god. Tillegg garantert varm.





Strikka denne bobobukse i samme serien. denne er strikka i størrelse 2 år og brukte ca170 gram.  Holder på med ein dress til den andre prinsen som skal starte i barnehagen no.... 


 Klem
Bestemor 

onsdag 3. november 2021

Petiteknit si nisselue på gang




Har mange strikk på gang (då eg lider av oppleggsjuka) men eg følte at det var på tide å starta å strikka denne Petitknit nisselua. Har hatt planer lenge...........Sjå merket på hua :)  var vist kjøpt i 2018.  Bedre seint enn aldri.....
.

 Iallfall enkelt strikk å ha med seg.... Då er det kjekt med små og fine prosjektposer, slik som denne eg fekk i ein strikkebutikk i Bergen.

Kanskje blir den ferdig i år.......

Klem
Lilla dør