fredag 6. desember 2019

Dompappar på rekke og rad



 Einerbusken min på hyttetrappa med masse dompappar. Eg laga dei ull i fargane rød, svart og kvit.


 Eit norgesglass med dompappar. Klar til pynte med enten det blir kranser, julepakkar eller/og småturer ute.


 Dei er lette og kjekke å lage. Nokre er lubne og runde andre den slanke varianten :)))





Klem 
Lilla dør

torsdag 5. desember 2019

Julekjole til nissefesten i barnehagen


eg har sydd julekjole til eit av barnebarngulla mine. eg sydde det av rester etter kjolen min. Fekk brukt opp alt stoffet, fekk akkurat nok til lue til "babyliten" ( dokka til barnebarnet mitt).





 Sydde den i størrelse to år. Veldig kjekk å sy, håper eg får sydd litt fleire av desse.....



Klem
bestemor

onsdag 4. desember 2019

Julekjoler i jersey

Hadde litt jersey stoff liggande fra Stoff og Stil........ vart til kjoler. 


 På hytteferien eg hadde i slutten av november vart kjøkkenbordet omgjort til sy bord ein periode. Gildt med slike kreative prosjekt.


 Vart to kjoler på meg




 Den eine vart med påsydde lommer framme på kjolen medan på den andre vart det lommer i sidesømmen.





Klem
Lilla dør

tirsdag 3. desember 2019

Nytt skjørt til prinsessa til bestemor


Eg har blitt inspirert av bilde på nettet av slike skjørt til småjenter i tyll med viskose underskjørt. Kjøpte ein pakke med blanda poppongar og sydde skjørt etter innfallsmetoden. Tok mål av livvidde og høgda på ønska størrelse på skjørtet. Sydde linning på det og tredde i  brei buksegummistrikk  og rynka saman til passe vidde.


 Viskose og mjuk tyll fra Stoff og Stil





 Artig å sy og mottakaren vart fornøyd. Det er igrunnen ein fin kombi. 


Klem
Lilla dør

mandag 2. desember 2019

Novemberferie er ikkje oppskrytt


 Nydeligt ver, kaldt men sol. Mange fine stunder ute enten ved sjøen, i hyttehagen og nokre turer til Florø. Her fra lunsj på terrassen.


 Mange gode kaffikopper ute...... det er liksom kaffen smaka ekstra godt då



 Laga 1. juledagbrød til brunsjen 1. juledag, tradisjonen tru



 Se så fint dei hadde pynta i butikkvindauge hos Roser & Interiør.


 Måtte innom der fleire gonger.  Mellom anna kjøpte eg meg ny adventslysestake. 


Pynta til advent /jul hjå mamma.




 Litt julepynt kom fram etterkvart til 1. søndag i advent



Det var nesten julekortstemning då me kjørte sørover att. No gleder eg meg til neste tur.

Klem
Lilladør

søndag 1. desember 2019

Ny strikkeveske


 Alltid kjekt med ny strikkeveske. Denne gangen sydde eg den av ein voksdukrest. Igrunnen praktisk og lurt. Iallfall for slike som meg som dreg det med over allt. Eg har nett hatt ferie på verdasjillastehytte og då vart det tatt med ut på terrassen, ved sjøen etc. 


 Her er det innspurten på nokre julekjoler som er innhaldet i strikkeveska.



Klem
Lilla dør

lørdag 30. november 2019

Sviblar i Freia bakepulver- og vaniljesukkerbokser





 Gjenbruk er det vist noko som heiter.
 Eg hadde nokre tomme bokser. Plutselig såg eg føre meg dei måte jo være perfekt til blomster potter til sviblane no adventstida. 


Den eine havna hjå mamma :) passa godt he på kjøkkenvekta hennar.


Ha ei fin adventstid. I morgon er det 1. desember og fyrste søndag i advent.


Klem
Lilla dør