onsdag 13. desember 2017

Stor snømann!



 Eg sydde den i voksduk.... ca 1 meter høg. Armane er hasselgrein frå hagen. Det gjekk med mykje fuglesand og vatt for å fylle den. Eget design.


 Nasa hekla eg etter innfallsmetoden. Hua er strikka i rillestrikk. 








Passer på døra her.  Med dette sure veret og delvis regn på tvers er det godt at den tåler ei regnbye når den står ute.


Klem Lilla dør!

tirsdag 12. desember 2017

Juleverkstad i hagehytta


 Ein kveld i desember pleier eg å ha lage kveld i hytta....tradisjonen tru hadde eg det i går.  I år var det til og med julestemning ute i form av snø og kaldt

 Litt aktivitetspakkar... to prosjekt var det denne kvelden








 Maten fiksa gubben. Knallgode potetvafler med mykje godt på. Oppskrift og inspirasjon frå jule boka til Lise Finkenhagen




 Strikka soppar... oppskrift og design;
Tina Vejlø Andersen.




 Me sydde kvar våre tre slike juletre...... 


Her er mine 5 tre


mine soppar


Klem
Lilla dør

lørdag 9. desember 2017

Julemarked i Oslo og :)




 Eg fekk meg ein Oslo tur rett etter Stutgart turen  i år. Alltid like jillt. Eg var så heldig å få kurs der i to dager og når ein då kan kombinere det med besøk og shopping og julemarked i byen gir det ekstra førjulsbonus.



 Tysklands-elgen var og kommet seg til hovedstaden. 




 Dei kan det i Oslo og sjølv om det blir lite i forhold til julemarkedet i Tyskland men koselig det og.



Mange tøffe og fine julekuler....dei vart ikkje med heim. 



 Litt adventspakkar vart det i Oslo


Kafebesøk med studentane er alltid ein berikelse. Heldige meg.


 Små fine juletre på fot til salgs på torget. 


Ha ei fin adventstid fortsatt!

Lilla dør

onsdag 6. desember 2017

Den årlige Stuttgart-turen


Alltid like kjekt .... fyrste helga i advent... er me ein gjeng som reiser til julemarkedet Stuttgart. I år var vi fem par, nytt av året var at broderen og svigerinna mi var med...


 Viktig med julestrikk på tur. Årets turstrikk var ekstra julete......kjem tilbake til det.




 brezel = Tyskland for meg


 Svineknoke, måtte "dame meg opp" i år og bestille ein . Kjempe godt men nok mat til heile min familie trur eg :))))


Tapas i Markthalle 


 Måtte ein tur ut igjen til middelalderjulemarkedet i Esslingen.... just presis last year. 


 Strikkebutikken i Esslingen


 Årets nyhet var vel denne lavkransen. Fekk han ikkje med meg. Kanskje må eg lage ein slik til neste år.




 Dei kan dette med pynting i Tyskland!






 Mange fine juleboder


Klem
Lilla dør

søndag 3. desember 2017

Korger til jul


Eg sydde meg nokre slike enkle korger. Lette å sy..... og er ganske anvendelige.


Fine til å ha småting i. Brødkorger, etc. Bli nok fleire av desse. Kan og brukast til potteskjuler når ein har plast eller ei anna blomsterpotte inni. 

Klem Lilla dør

lørdag 2. desember 2017

Vinterlandteppe



 Mamma har sydd dette flotte vinterlandteppet.... 
Eg ynskje meg eit slikt......kanskje ein dag kan eg få hjelp til å sy det eller sy det sjølv. Så er det denne tida då. Teppet henge så fint i leiligheten til mamma og gir go´e førjulstemning. 


Flott arbeid



 Klem
Lilla dør