Genseren er strikka i 100% merinoull. Fanakoftemønster med rundsal. Er veldig fornøgd med fargevalget offwhite og melert gult. Genseren er strikka i Abuelita 4-tråds handdyed garn. Kjøpt på Pickles. se her
Liker å legge ved garnrestar til vedlikehold. Likedan merkelappen til garnet, slik dei veit korleis dei skal behandle og vaske plagget.
Tok bildene ute på ein blåsbortdag med regn i lufta. Eg synest det blir bedre bilde og fargane kjem bedre fram når eg fotograferer ute. Og siden eg skal levere den hadde eg ikkje tid og vente på bedre ver. Genseren var igrunn i sitt rett miljø ute no på sur haustdag og fargane på haustlauva glei rett inn.
Gult er kult
Klar til og sendast til Sørlandet. Eg skulle hatt den med i august/september då eg var ein tur ned der :) men men no er den klar.
Ha fine veke forsatt.
Klem
Lilla dør


















































