lørdag 24. november 2012

Bjørka er på plass




 Idag fekk eg inn bjørka i gangen: Den me hogde sist helg.... den har stått til tørk:). Så i år er Lerketreet. bytta ut med bjørk frå eigen hage.  Fuglane er byrja å flytte inn :)








Ha ein fin lørdagskveld!
Klem
Lilla dør

fredag 23. november 2012

Fredagsmiddag i ein fei:)


 Helg igjen og ein enkel og goé fredagsrett.  Når me kjem frå arbeid og skule kan det være godt med noko godt som ikkje krev lang tilberedningstid og i tillegg er eit godt alternativ til pizza.


 Og servietter frå Åhlens!!


 Foccaciabrød steikt i rundkakeform (eller kjøpt hjå Charles & de). Eg delte det i to, smurte på eit lag med heimelaga pesto og fylte på med salatkylling, tomat, agruk, salat og mozarellaost. Serverast som " kake" og delast opp i ønska stykke:)


Goé fredagskveld
Klem 
Lilla dør

onsdag 21. november 2012

Ferdig strikka - berre monteringa igjen


 Av og til er det veldig greit med strikkemaskin.  Trekket til den gamle Ikeapuffen er ferdig!!! Har strikka det i norskmønster/åttebladroser på strikkemaskina. 
Det gjekk med nesten 400 gram Finull.


 Så nå er det bare monteringsarbeid igjen, festing av tråder og å sy saman dei fire sidene. Ofte går det litt tregare hjå meg med slikt arbeid......
Det er alltid meir spennande å strikke og lage nye ting:)


 Ellers har me fått ei nye bakebok i hus...kjempe fin!!!!!! Så no ligge det godt ann med goe gjærbakst. Har ikkje fått prøvd oppskriftene ennå med er inspiret til det. Ei  kreativ og flott bok. Med det lille ekstra :). Dei sel boka på Lisi Design på Jærhagen.


 Du blir svolten berre av å lese bak på boka. Kanskje eit julegåve tips:) i desse tider.


Velkommen til nye følgere.
Jillt når de legg igjen ein liten kommentar.

Klem  Lilla dør

søndag 18. november 2012

Fantastisk jillt har det vore


Eg har hatt ei flott helg med mykje jillt innhald. Eg har fått gjort mykje som eg har hatt lyst til lenge. Fått sulla rundt og pynta litt, vore på hogst i eigen skog i hagen:), fått strikka og hatt mange gode kopper med kaffi. Til og med føremiddagskaffi i sola ute:) Her ser du bjørka me saga ned. Den var ca 6 - 7 meter.




Bjørkeriset brukte me til å laga nytt tre/søyle på trappa til å surre julelys på når desember kjem. Resten av prosjekt kjem etter kvart. Fekk brukt heile treet. Kun ein meter av stammen gjekk til ved:) Det blir spennande å sjå om eg blir fornøyd når prosjet er ferdig....kanskje neste helg. Godt med desse heimehelgene med fri.




Jammen såg me sola idag.
Så då var det ikkje lenge før eg og kaffi kanna var på plass og kunne nyte det vi laga i pøsregnet i går :)


 Eg har og byrja på nytt strikkeprosjekt på strikke maskina. Eg har lenge tenkt å lage trekk til puffen i gangen. Ulike gråfarger i norsk mønster - åttebladroser. Strikkar i Finull, det er nok i det tjukkaste laget for maskina! Må ta tida til hjelp, ellers mister eg fort masker:)


 Litt av det eg plukkamed meg på fjellturen til Voss og Mjølfjell tidlegare i haust. 


 Mykje god tid til inspirasjon. I blader og som her i ei flott strikkebok eg har lånt for helga...den må nok stå på ynskjelista mi. Er litt fasinert av å strikke ovanfrå og ned.


Når det er surt og mørkt ute er det ekstra jillt å pynte og tenne sterarinlys inne. Så kan eg bare nyte det å vera inne med god samvittighet.


Velkommen til nye følgarar og alle dokke som er innom. 
Takk for kommentarer.

Ha ei fin og kreativ veke.
klem
Lilla dør

fredag 16. november 2012

Pakke i posten


 Sjå det fantastisk flotte fargen på garnet eg fekk i postkassen igår. Resultat av at eg var innom  Pickles her om dagen. Falt for fargen, garnet og mønsteret: God morgon kjole. Garnet var i postkassen etter tre dager.


Det er igrunnen endå djupare gulfarger i virkeligheten enn det som kjem fram her. Gler meg til å starte, men fyrst må gjere ferdig genserane eg held på med....


Ha ein goe fredag:)
Snart helg!!!!!

 Klem Lilla dør

torsdag 15. november 2012

Juletre


 Sjå den flotte grana :).


 Var ein tur innom Ikea. Eg falt pladask for det flotte treet dei hadde fått inn i metervis. Ca 2 meter vart det for heile treet. Akt til den nette sum av 110 kr.


 No gleder eg meg til lage noko av det , Mange idear sviv i hovudet. Så følg med!  Egskal legge det inn på bloggen når eg byrjar å bruke av stoffet. Veggbilde? Gardin? Pute? Adventskalender? Juletre? Mange idear og muligheter. Kanskje eg må av stad å kjøpe eit tre til:)
Ha ein fin torsdag kveld.

Klem Lilla dør


tirsdag 13. november 2012

Ferie i november er berre fantastisk



Her er frå gangveien langs sjøen frå Purto Rico mot Amadores-stranda. Vår faste morgon tur:) Flott å ha 25 grader pluss i ei veke der ein berre kan lade batteria saman med godt reisefølge.


Amadores-stranda. 



Mykje flotte farger. Blomster floraern var stor. 


Mykje strikk og garn. Har alltid nok med meg av det...... panikk for at eg skal ha forlite. Litt av ferien for meg er å ha tid til slike sysler.


Her er eit sjal eg held på med i tynn alpakka og tvinni garn i rille strikk.


Ekstra morgon kaffi på stranda.....nesten i sol oppgang:)


Denne gong var vi på ein liten båttur mellom Puerto Mogan og Puerto Rico.


Her er det genser til ein av studentane i Bergen i "restegarnet" frå genseren eg nettopp er ferdig med til gubben. 


Litt hekling vart det og, så lenge eg hadde garn.  Fint arbeid på solsenga:)


Jillt du såg innom bloggen.

 Velkommen til nye følgere. 
Klem Lilla dør