søndag 18. desember 2011

Juleverkstad


 Desember er tid for litt juleverkstad. Her om kveld hadde me det her i heimen. Gjestene hadde fåt beskjed ta med heklenål i nr.2 eller 2,5. 


 Me hekla juletre og soppar etter mønster til Karen Klarbæk. 

 Mønstera finn du på www.karenklarbaeksverden.blogspot.com

 Er litt usikkert kor mange som vart ferdige, men eg trur ein del har gjort ferdig sine no. Eller kva seier dokke. Kor mange juletre er produsert no?
Me fann ut at juletrea godt kunne bli brukt til eggevarmer eller bordkort. Kanskje me kunne sy på røde perler som små kuler.
 Soppar eller "hæklede svampe" som Karen seier det. Soppane er jo flotte itl pynt til jul enten på treet eller som borddekorasjon. Eller som nøkkelhank...her er det bare fantasien som set ein stopper. 

Lykke til me heklinga, eg gler meg til å sjå resultatet.
klem lilladør.

4. sundag i advent!


 Ha ein fin søndag!


 Eg sydde jule- og adventsløper for ei tid tilbake, etter mønster av Hanne Asplin Firman.  Ein løper som eg liker godt. Veldig fornøyd med fargane . Lilla og rødt er ein god fargekombinasjon spør du meg:) Quilta med blank gulltråd.


Klem lilladør

onsdag 14. desember 2011

Julebakst


 Ingen julekaker er som "julemannar" laga etter mamma si gode oppskrift ..... ikveld er dei i boks. Med god hjelp!
Det er faktisk ein heil boks med hornsalt i dei. Så det kjennes i huset når dei steikast.



 Fekk og hjelp til pynting av nokre av pepperkakene. Men dei fleste er uten pynt då me liker god ha blåmuggost på dei. Har du ikkje prøvd det må du gjere det. Knallgodt! 




Pepperkake engler vart det og.... velkommen innom på smaking!

Nissen har "tryna"


 Her ligge han på hjørne på reolen , på  sin faste plass . Klar for å feire jul. Denne nissen med reinsdyr på ryggen sydde eg for nokre år sidan etter eit amerikansk mønster.   Idag ti dager før julekvelden er det klar for "julemannar"-baking i heimen.  Kjekt når dei småkakene me likar å ha er komne i kakeboksane....det nærma seg. Snart klar for julefeiring.



 Ute og luftar seg litt. Til ære for fotografen. Eg synest fargane på nissen kom så mykje bedre fram ute på trappa.



He er han på plass igjen. 
Ha ein fin onsdag kveld!

mandag 12. desember 2011

Nå tennes tusen julelys!


 Har applikert på lys i ulike lillafarga. Bunnstoffet er i lin. Løperen er frihåndquilta og lysa er applikert på med stoppefoten.

 Har tenkt ta opp bestilling på slike løparar. Viss du er interressert ta kontakt.


 Då eg laga den vart eg inspirert av julesangen No tennes tusen julelys, men den kan også brukes til fødselsdagsløper kanskje. 


Her har eg plassert te lys i sandkakeformer.


søndag 11. desember 2011

Voll juletregard


 Idag var eg ein tur innom Voll juletregard. Kjøpte oss eit juletre mellom anna. Flott pilprodukt og juledekorasjoner har dei og.
Neste lørdag,17. desember skal Lilladør ha ein del til salgs der. Snømenn, nissar, julesokkar, strikka halsar og sjal. Velkommen å ta turen innom Voll juletregard den dagen.


 Mange flotte tre til salgs!





Litt granbar vart og med heim. Kanskje blir det ein krans til døra:). Her er det eit utsnitt frå eit tre. Flott grønfarge og mønster. Kanskje bildet kan brukast på ei flott lita veska etter kvart.

Nisse i lin!


 Har sydd ein nisse i lin.  Kroppen er i bomull. Buksa og sokkane i ull.


Han sit i kjøkkenvindauget og har kontrollen derifrå:)

Ha ein fin søndagskveld!

Klem Lilladør