søndag 16. november 2025

Ballerina cardigan mini i iris alpakka


Siste knyttebåndet i I-cord strikkes og så er jakka klar til gis bort til eit barnebarn

Hadde to nøster med iris i restekorga mi. Passa perfekt til denne jakka i størrelse fire år. Det var ikk,e mange gramma igjen :).



Strikka på pinnar nummer 6 og 7. Er kjempemjuk, lett og behagelig





 Klem
Lilla dør

mandag 13. oktober 2025

Toving med barnbarn


 Tova stoff til bursdagskrone
r

Hårhale


Muffins


Skal bli tova bursdagskrone etter kvart......




Nisse, laga med nålfiltering av eit barnbarn med litt hjelp.


Sitteunderlag



 

 

Mykje aktivitet i haustferien på hytta: 6 barnbarn mellom 2 og 8 år var ivrige 


Nålfilting, dei fann inspirasjon og mønster i bok .Godt jobba av dei håpefulle


Noen nålfilta. Brukte kakeformer som mal.



 
Klem
bestemor

onsdag 1. oktober 2025

Hortensia krans


Hortensia må vel seiast å vere favorittblomsten min. Sjå dei fargane. Har heldigvis ein del av dei i hagen. Eg plukka inn ein del og tørka dei. fekk laga meg kransen.
 




Se dei fine fargenyansene. Håper den vil holde seg. Det tror eg. Tenkte å henge den i gangen.


 Klem
Lilla dør

tirsdag 30. september 2025

Haust krans frå hagen


Eg synest det er kjempekjekt og lage kransar. Denne laga eg av visne og tørka blomster fra hagen og stranda.  Calocephqalus, rosebusk og strå ( ukjent namn)





Gjennbruksgleder av tørka blomster, kan bli fin til vinteren og..........


Kjekk å bruke både som bordpynt og på veggen.


 Klem
lilla dør

onsdag 24. september 2025

Tøy servietter, haust


Trong nokre haustservietter til klubbkvelden. Fann meg eit stykke stoff i lageret mitt. Passa perfekt til 4 servietter og det matsja godt den grønn rutete duken.
.




fine farga saman .......lun haust kombi


 Klem
lilla dør

søndag 10. august 2025

Gul krans Reinfann



Har ein del reinfann ved hytta. Så prøvde meg på ein test om dei kunne brukast til å lage krans. Tommel opp for det, sjølv om den etterkvart vil visne.
.

Frisk og fin gulfarge . Laga derpå tynn ring.



 Klem
Lilla dør

fredag 8. august 2025

Ballerina cardigan mini til eit barnbarn


Strikka den i størrelse 8 år i ullgarn og tynn silk mohair. totalt brukte eg 169gr
.


Bak


Det var I-cord rundt heilejakka og som bånd til å lukke jakka


Klem 
Lilla dør
 

onsdag 6. august 2025

Chunky dahlia gul genser


Eg strikka den i børsta alpakka Sandnes Garn og Tilia Filcolana. Strikka den på pinner nummer 6
 

Vart eit godt strikk for bilstrikk . Ein starta oppe på genseren  





 Klem
Lilla dør

tirsdag 5. august 2025

Skjell fra fjæra



Masse flotte skjell fra fjæra er blitt vaska ( kjekk aktivitet for dei små på terrassen) og så tørka . klar til bruk



Me limte bilde på ei kraftig papp plate og limte skjella rundt.




Dette bilde er over 30 år gamalt , dette laga eg med mine då dei var små, No heng det på vegg saman med barnbarna sine, som dei laga no i sommar. 



 Klem
Bestemor