Eg er litt sein iår :) eg pleier ta inn Forsythiagreiner i januar. Men bedre seint enn aldri er det vist noko som heiter. Eg synest det er så fint når dei blomstrer på bar kvist. I år hadde vinden gjort skade på busken min. Så det er så og seie ikkje noko igjen ut av busken mi no. Eg pukka inn av den sundbrotne greina. Så eg lyt nok gå til anskaffelse av ny busk til våren.
Bare etter få dagar inn ser eg at dei gule blomstene kjem.......
Ellers har det i løpet av helga flytta inn ein nye engel. Eg veit dessverre ikkje kven som har laga den. Eg har kjøpt den via ei venninne. Fantastisk fin. Min engel hoppar tau:)
Ellers måtte eg bare..........
kjøpe litt meir garn. Hadde ikkje rett farge og kvalitet. No skal det strikkast litt på strikkemaskina.
Godt med late dagar der eg kan finne roen i sofakroken med mac-en, kaffi og strikk. Kan nesten ikkje bli bedre. Kvalitetstid er det vist noko som heiter.
Burde og kanskje blir det ein tur ut i den vindf1ulle søndagen her på Jæren.
Forsatt goé søndag
Velkommen til ny følger!
Klem
Lilla dør