søndag 27. juli 2014

Hagebær



 Denne veka har det vore safting og sylting dei fleste kveldane:). Fyrst var me så heldige og fekk eit brett med ferdig plukka og rensa bringebær.  


 Junioren har plukka fleire bøtter med rips til meg. Tusen takk, det har gitt mykje goé saft. Det meste har eg laga råsaft av og lagt i frysen.


 Eg laga ei koke med saft og.



Råsaft i flaske  med sugerør smakar godt i varmen 



Nytt av året er at eg rørt litt ripsbær til syltetøy. Knallgodt og verkelig smak av sommar.

1 kg rips og ca 400 gram sukker pluss evnt litt Jam frysepulver.
 Gav fyldig og goe sylte. Fraus det i passe beger til å ta opp til frokost eller til nylaga vaflar. 

Klem
lilla dør

1 kommentar:

  1. Nam, det er godt med rips og bringebær! jeg pleier å lage syltetøy av 2 deler bringebær og 1 del rips. det er sommer det:)

    SvarSlett