søndag 11. oktober 2020

Eit lite og kjekt syoppdrag.



Om eg fekk spørsmål om å sy eller eg tilbydde meg er eg usikker på :) men eg har iallfall sydd trekk på sitjepute på ein kjøkkenbenk. Nokre av mine håpefulle er på flyttefot og held på å pusse opp. Eg har sydd trekk til nokre puter til ha i benken. Til sjølve sitteputa brukte eg vaska og brukt linduk.....ferdig krympa og fast i stoffet. 



Den eine puta brukte eg Designers Guild stoff .... ein av mine favoritt designarar.  Stoffet kjøpte eg på ein Londontur ei tid tilbake. 


Dette stoffet har og lege i stofflageret mitt på modning. Det er fra ein New York - tur endå lengre sidan. Visst på tide eg får brukt nokre av stofskattene mine. Den tredje puta er i lin lik sitteputa.



Hortensia :) se fargane og kor lik stoffet er ein ekte blomst som er fra hagen.



På plass


Trekka både på putene og sitteputa er med glidelås, slik at det er lett å  ta av og vaske. 
Innerputene er 50 X 50 dunputer fra Ikea 


Klem
Lilla dør
 

1 kommentar:

  1. Dette ble fint! Kjekt å kunne bidra, og kjekt å se fine stoff bli til nyttige produkter! Garn og stoff kan gjene ligge til modning ei stund. Plutselig blir detbruk for det.

    Ønsker deg ei fin uke!

    Klem

    SvarSlett