Endelig på plass:) Har hatt planer sidan eg var i Tyskland på julemarked i fjor å lage meg ei eller to av desse stjernene.
Eg samla masse masse greiner ....helst med litt mose/lav på . Eg brukte mykje av greinene på eit gamalt epletre.
Min handy gubbe laga ramma til stjerna til meg av armeringsjern.
Han måtte og hjelpe meg med å surre på den fyrst runden av greiner.....i grunnen eit tungt arbeid. Men knallkjekt.
Eit godt utgangspunkt men her trengs det meir greiner og meir surring.
Noko byrjar å ta form
Mykje lys, 12 meter lyslenke frå Clas Olsson
Måtte prøve den ......sjølv om det er 14 dager til advent. Den vart stor ca 180 cm mellom spissane på stjerna.
Klem
Lilla dør
Fantastisk flott...... trur kanskje eg må prøve meg på ei slik ei... du er kjempeflink ....
SvarSlett