Eg var ein tur til Oslo i sist månad. Då måtte eg innom Marimekko-butikken og fekk med meg heim 1,25 cm stoff av vårens nyheter. Eg likte godt fargane i stoffet ........vårfriskt!
Sydde to puter til benken på kjøkkenet.
Liten stikkepose eller lita veske til ting og tang:)
"diggar fargane" som ungdommen seier
Fekk to puter og ein strikke pose og så har eg klipt to kuvet brikker (kjem på bloggen når eg har fått sydd dei). Tru det eller ei alt det fekk eg til av 1,25 meter stoff. Godt fornøgd med det.
Saman med pelagonane eg snopa i helg hjå Kåre Wiig vart det pluteslig vår og nesten sommar på kjøkkenet.
Klem
Lilla dør
Mens vi andre kan glede oss over våren, er det full sommer hos deg, i alle fall i vinduskarmen. Det er utrolig hva farger gjør med oss mennesker. Vi skulle vel kledd oss mer fargerikt også. Muligens hadde vi vært mer fornøyde og glade da.....
SvarSlettGod søndag fra Ingunn