onsdag 24. januar 2024

Prosjekt gjere ferdig


Ingen ting er som heimelaga ullsokkar og ingen ting er som å gjere ting ferdig. Eg har mange prosjekt på gang. Både i strikk og søm. Har lyst til å prøve å gjere noko med det. Har fått meir kapasitet no ....så kanskje 


Korga er full og den blir fylt opp etter kvart, når garnlaget skal strikkast ned :))))) eller selgast.  Gleden er stor å få gjort ting ferdig. Tre prosjekt er ferdig innen strikk no i januar. Det er bra. Må skryte litt sjølv, det hjelper det.


 


Klem
Lilla dør

mandag 22. januar 2024

Marimekkobrikke


To restar av marimekkostoff vart ei ny kuvertbrikke.  Eg samlar på og digger kuvertbrikker frå Marimekko Har sydd mange ulike av dei. Sjå tidlegare her på bloggen under fanen Marimekko
.

Quilta med rette linjer, ganske tett.




 Bare litt håndsøm mangler før den er klar..... 


Klem
Lilla dør

torsdag 18. januar 2024

Snømenn



Kjekt med tid og inspirasjon til være på syrommet.  No når eg holdt på rydd kom eg mellom anna over desse tre sydd snømennene:




Her er dei stappa med ull og litt vatt. Klar for å bli sydd igjen og lage personlighet. 




Dagens produksjon. siden det vinter på jæren passa det veldig godt med å ta bilde ute i snøen.






Eg har nokre material pakka liggande vist og mønster vist noko ynskjer kjøpe . Ellers er desse tre snømennene også til salgs




 

Klem
Lilla dør


mandag 15. januar 2024

Novicegenser til tvillingane


Strikka dei i garnet Kos fra Sandnes :) Strikka det i størrelsen 1 -2 år. Mønster er Petitknit sitt design. Eg har strikka fleire av desse tidlegare til barnebarn. Gode å ha på og enkle å strikke. Det gjekk med 100 gr pr genser.  strikka pinner nr 5,5 og 6.
Var perfekt til bilstrikk, når vi var på nyttårnstur med mykje bilkjøring. 
 

Klar til levering
 


Heldig meg som er blitt bestemor til tvillingar, sjølv om det å strikke to like ikke alltid er like spennande.



 Klem
Lilla dør

torsdag 11. januar 2024

Fuglemat


Smelta delfiafett og hadde opp i ulike frø og korn, brukte pepperkake former til lage dei i. Hadde hyssing i. Veldig populært hjå småfuglane. Me hengte det opp ut forbi kjøkkenvindauget. Kjekt for både store og små å sjå fuglelivet....... 



 Klem 

Lilla dør

onsdag 10. januar 2024

Endelig litt søm igjen


Nytt år og nye muligheter heiter det vist. Blitt lite blogging og lite tid på syrommet. Men i føremiddag hadde eg ein time, kjende det gjere godt og resultatet vart denne puta. Sjølve snømannen sydde eg av vatt. Ikke mønster men bare klippa i vei......... 


Tenkte eg skulle ha ho på trappa i stolen der inn til videre. I dag var sola innom stolane der. Tenk ein kopp kaffi der i sola.


 Klem
Lilla dør