Nå har eg sydd ferdig krabbeteppe/babyteppe til det yngste barnebarnet mitt. Starta på det i haust men no er det klart og levert til mottakaren.
Laget til den minste av bestemorgulla.... heldige meg som har fått fire gullklumper totalt no på tre år
Sydd av kvadrater på 4,5 x 4,5 inch. totalt er teppe ca 1 x 1 meter ferdig. Har dobbel ullvatt i det. Quilta med symaskin. Lukkekanten er i lyseblå Chambray stoff.
Bamsestoffet er ein rest frå då barna mine var små, ellers er det ulike lyseblå stoff fra lageret mitt. Kjekt når stofflageret minkar. Det mørkeblå bilstoffet kjøpte eg då eg var i New York for snart åtte år sidan hjå Purl Soho ........God modningstid :)
Måtte bare ta det ut i det fine vinterværet og fotografere ...nydeleg lys
Bakstykket er likt det andre krabbeteppet, Debbie Mumms stoffet
Noas ark. Fann det i stofflageret mitt..... passa godt som bakstykke. Eg har alltid likt godt Debbie Mumm stoffa.
Eg rulla teppet saman og putta det inn i ein strekklaken-pose. Enklar å ta med seg då....enten dei skal på tur, besøk eller på babysang etc.
Klem
Bestemor/ lilladør