onsdag 22. januar 2020

Meir garn :)


 Fekk det no i jula fra Oslo. Ein av mine håpefulle har vore på Strikkefestivalen i Oslo. Dette sjalet med G-uld sine planterfarga garn har eg lenge hatt lyst på men det har vert vanskelig å få fatt i pga toll etc i fra Danmark. 



 Fine fargar i lammeull.


Klar til å starte. Må bare gjere ferdig noko anna strikk fyrst som eg held på med.......


Klem
Lilla dør

søndag 19. januar 2020

Baggybukse til ministrikk



 Oppskrifta fann eg i boka til Ministrikk "Den fyrst dansen". Strikka den i størrelse 3 - 6 mnd. Strikka den i tynn alpakka. 


 Fargekontrast inne i belegga.



Veldig kjekk å strikke, blir truleg meir av desse. Denne har ein liten gutt fått. Håper den passar.

Klem
Lilla dør

fredag 17. januar 2020

Litt nye bøker om farveplanting


 Eg var så heldig å få denne velbrukte boka i gåve ved juletider. Sjølv om ho er gamal er det masse interessant stoff. Må nok lese meir i den. Denne boka er ifrå 1943, utgitt av Den norske Husflidsforening. Eg gler meg til det vårast og eg kan prøve meg på plantefarging igjen. Eg liker godt å farge ute, spesielt på hytta.



 Fra gamalt til nytt. Den andre boka kom ut i fjor. Utgitt av G-uld i Danmark.  Eg har lenge vore fascinert av deira masse flotte planterfarga garn mellom anna i horisoantalsjalet. 



 Så no er det bare å teste og prøve seg på plantefarging . Gleder meg. 

Klem
Lilla dør


onsdag 15. januar 2020

Bildevev


 Som sagt før han eg gått 17 år i bildevevgruppe. Eg er nok ikke den ivrigaste men synest det er kjempekjekke kveldar. Men alt har sin ende. Dette blir visst siste året med bildevevgruppe med læreren vår Ingrid.  Eg holder på med dette bilder av Håtangen i turkis og grålige fargar. Reknar med at eg blir ferdig med det i løpet av våren. Gler meg til det er ferdig. 
I tillegg starta eg på eit nytt sist veke med måser..... Har iallfall mykje arbeid framfor meg. Må berre avsløre at eg har endå eit teppe på gang, birkebeinerne. Så eg må henge i dei neste år på den fronten og :)))
 Godt eg har gode venner som eg kan spør til råds oss. 


Siste prosjekt....kanske det blir hytteveven min.....
Passa perfekt i motiv iallfall. 


Klem
Lilla dør

mandag 13. januar 2020

Gamle mønster fram fra glemselen




 Eg  har ein heil perm med små oppskrift hefter heilt tilbake fra barndommen. Eg kom over permen no på nyåret sidan me held på å rydde og pusse opp litt. Det vart julekvelden på ny då den dokka opp igjen. Fått hedersplass i stova no :)))


 Denne jakka hadde eg i ungdomsåra. Huskar ennå kor fornøgd eg var med den. Kanskje må eg strikke den igjen til neste generasjon.


 Ryeteppe....... med apekatt. Arbeidstove hadde me i min oppvekst. Husflidslaget stod bak.


Fyrste genseren eg strikka sjølv til meg.......


Den hjelmen uten dusk hadde eg i olivengrønn....  Kjekt med mønster slik at eg kan gjenskape ting.....

Klem
Lilla dør

søndag 12. januar 2020

Nytt år og nye muligheter :)


 Har mange tankar for året 2020 med tanke på Lilla dør og mine kreative utspring og ikkje minst lyster:). Har ein plan om at eg skal prøve strikke og sy meg "ned". Har så mykje påbegynte prosjekt, sjølv om eg veit at eg fort fell fort for fristelsen til byrja på noko nytt. Må bare........Denne  korga er stor kanskje eg kan tømme ho etterkvart. Kven veit......


 Dette ligge på toppen av korga


 Baggybukse til ein liten gutt født seint i 2019 oppskrifta står i Ministrikk  - den fyrste dansen som kom ut i fjor.







Sorbetcardigan  til meg sjølv. Starta på den i mars 19. Snart ferdig. 


Klem

Lilla dør