onsdag 22. mars 2017

Sjokoladeposemapper :)


 Eg har leika meg litt med symaskina. Hadde ulike snopeposer.... og masse gamle gliderlåser.  Sydde glidelåser i posane og sette fôr i dei. Plutselig vart det fine små mapper til ulike småting til ha med seg. Artige å sy. Gubben meinte det var fin kombi eg fekk posane og han sjokoladen:)


 Kanskje kan dette bli ei nye fine toalettmappe til ein av studentane. Kan ha tannkost og tannkrem i den på hytteturen i påska.:)


 Foreløpig er det blitt 5 stykk....blir gjerne fleire.....







 Kanskje kan det bli ei liten portemone .....til ha snopepengane i :))))


Klar til utdeling og bruk!


Klem
Lilla dør

mandag 20. mars 2017

Gult er kult



Eg strikka meg skjerf på fredagskveld. Eg var åleine heime så  då vart det nokre timer på det "nye"  syrommet. Eg hadde jo snopa 300 gram i ei restekorg med ullgarn i varme gulfarge.



 Hadde fint selskap av desse flotte englane i ullfilt.


 Eg valde å felle av for hånd då eg ville ha 5 cm vrangbord til avslutning og opplegg.


 Klart til bruk
blir gjerne årets påskeskjerf i familien:). 




 Fekk endelig festa trådene på mariusvottane eg strikke på ein av dei mange bilturene no i vinter. 


Klar til bruk etter at eg tova dei på 60 grader.

Klem
Lilla dør

torsdag 16. mars 2017

Innom Hillesvåg ullvarefabrikk



Me kjører og ofte forbi Hillesvåg Ullvarefabrikk.  Denne gongen vart det eit lite stopp. Litt upraktisk når eg hadde innkjøps stopp på garn.... men den vart oppheva ei stund. Eg hadde jo ikkje gult garn og hadde veldig lyst å hekle og evnt. strikke i det. Blir påvirka av årstida vist :).



 Mykje flott garn 
Eg var på jakt etter noko bomullsgarn... utvalget var stort. 


 Bomullsgarn
Dette vart fangsten min. 


 Sokka garn


To gule rester i ei restkurv....kva blir det tru?
Føreløpig lyser dei fint opp på syrommet. Vekas blomst er det visst noko som heiter.


Klem
Lilla dør

søndag 12. mars 2017

Gigantisk påskekylling


Klar for påske og vår :)



 Eg strikka denne i Fritidsgarn og pt 2 på pinnar nr 8. Med utgangspunkt i påskekyllingsoppskrifta til Idestova. Eg berre auka antall masker og antall omganger. Det gjekk med ein pose fyllvatt og 2,5 kg med fuglesand slik den vart stødig og tåler ein frisk bris utan å blese vekk om han står ute. :)



 Viktig med trafikk sikkerhet. Han fekk goé plass i bilen oppover til hytta i helga. Den har no installert seg og er klar for påskeferie.








 Som dokke ser er det stor størrelse-forskjell på denne og orginalkyllingane.
Dei sel Idestova på Bryne mønster og garn til. Dei har ogå nettbutikk.


Her har kyllingane plassert seg i julekransen av einer. Så her blir det gjenbruk av kransen. Den var i grunnen like fin etter nokre månader på hytteveggen.


Ha ein fin mars vidare, her er noen som er klar til å nyte sola og våren frå hytteveggen.

Klem
Lilla dør