lørdag 9. juli 2016

Strikk av stoffrestar / gardinkapp



Ein bunt med strikka gryteklutar


 Ei av jentene mine var med og arrangerte utdrikningslag no i juni.... dei hadde lyst å være litt kreative. Det vart til at dei fekk beskjed om å ta med nokre grove strikkepinnar frå 8 og oppover:) så i ein av pausane og sosial setting var det produsert mange frine gryteklutar / bordskånere.


 Kjempefine...godt jobba jenter!


 Dei la opp ca 18 masker og strikka rille strikk


 litt ulike vart dei, men med sjarm


Her klar til overlevere å til bruda i helga i bryllaupet

Klem
stolt mor 

fredag 8. juli 2016

God helg


 Herleg med sommer og terrasseliv. Sjølv om veret vekslar litt har me fått mange gode stunder ute. Det hjelper med tak over deler av terrassen.


 Nett no er det resta av blomsterkransane som pryder tallerkenhylla mi ute.



God helg!
Klem
Lilla dør

torsdag 7. juli 2016

Bryllaupskaka


Ein ca 15 cm høg eikestamme vart fatet til bryllaupskaka. Me fekk god hjelp av venner i Florø som kom med fatet. Dei hadde både saga det, vaska det og ikkje minst høvla og pussa det. Kjempe fint.
TUSEN takk!


Brylllaupskaka vart eit syn....kjempe fin og dekorativ. I tillegg smakte ho kjempegodt. Gulerotkake med sjokolade i ..... må bare prøvast, kan ei forklarast er det vist noko som heiter.


Frisk hortensia vart ein del av pynten.



Sjå så fin den vart.


Baker er #ingerelisebaker sjå Instagram. Ei venninne av brudeparet.

klem
Lilla dør

onsdag 6. juli 2016

Bryllaupsførebuinger




9 meter lin klippes opp til servietter og blir sydd tre trådsfall med overlooken... vart veldig fine.
Mamma klipper og bruden syr og brettar fine servietter.....


I gang 


90 stk




Vimplar på gang :) det vart ca 150 meter ferdige vimpelenker.  Imponerande arbeid. Mormor´s gamle gardiner pluss pluss gjekk med :). Ekstra jillt med gjenbruk her.


Her er det litt kraftig lerret som blir skore til.


Som sagt 150 meter minst. Kanskje bruden kan byrja med utleige av festvimplar eller ein kan forhandle fram salg??
Mykje og fint arbeid ligge bak desse:)



Me hadde bryllaupet i Lensmannsløa på Varhaug. Slik såg lokalet ut før me starta pyntinga med lys og vimplar etc


Her pyntast det og vert montert lys og lyd






Litt maling vart det og. Her er det velkomstskilt til kyrkja og festlokalet.




Klare for bryllaupsfest  etter vielsen i Bore kyrkje 

Klem
stolt mamma

lørdag 2. juli 2016

Blomsterkransar


Sist helg hadde me bryllaup, minste jenta mi gifta seg :).
Ho har alltid vore glad i blomsterkransar og sidan det var midtsommar inviterte ho bryllaupsgjestene til å bruke blomsterkrans ..mange fine kranser vart det. Nedanfor kan du sjå våre kransar. Til og med eg brukte blomsterkrans.



Svigerdattera mi, den eldste av jentene mine og eg fekk Jofrid til lage kransar til oss. Kjempefine og holdbare, me brukte dei både i bryllaupet og på hagefesten dagen etterpå, like fine var dei.
Var kjempefornøgde med dei.


Den eine var litt meir kraftig enn dei to andre....etter ynskje


Sjå så fine jenter og blomsterkransar



Her låner brura søstra sin krans frå dagen før på hagefesten


her har dattera mi min krans på hagefesten dagen derpå.
Var dei ikkje fantastisk fine?


Må bare vise at det gjeld å utnytte blomstrane fullt ut :). Eg la dei i kjøleskapet i plast då dei ikkje var i bruk og tilslutt enda dei som bordpynt ca ei veke etter brullaupet.


Klem Lilla dør