søndag 30. november 2014

I år vart det rognetre i gangen



I dei siste åra har eg hatt ei eller anna form for juletre i gangen min. Tidlegare har det vore lerk, bjørkestamme etc. I år er det eit lite rognbærtre frå hagen:). Har pynta det med  snømaling for få vinter og julepreg på det:)








 Har ulike fugler som har fått flytta inn.... 








Klem
Lilla dør

torsdag 27. november 2014

Hekla stjerner


Eg vart inspiret og fann oppskrifta på stjernene i boka God Jul av MaryB. Langhelle og Heidi Bjørnsdotter Thorvik og hekla dei i ulike garntypar. Eg har brukt lin, bomull, ull og sølvtråd. Hadde ulike antall tråder, frå eit par til fire-fem samtidlig. gjekk bare opp i heklenålstørrelse.



Det gjekk fort å hekle og blei mange i løpet av kort tid:)


Med blingtråd. slik at det glitra litt :) 


Passa godt saman med kongler 


Her på benken/bord kaffibordet no på vinterstid på terrassen.


Fin måte å hekle opp ein del av garnrestane i dei lyse fargane frå kvit, beige og grå. Fin miks.


Klem
Lilla dør

onsdag 26. november 2014

Moseballar



Igår var eg i klubb med "Løsmaskene". Det vart ein del strikking men i tillegg fekk me laga nokre moseballer. Kjempejillt. Ingeborg hadde vore i skogen plukka flott mose til oss :) Irrande grøn.

Døsenpilgard har lagt ut demostrasjonsvideo om korleis me lagar dei. 




Her er min fyrste.


Det vart tre på meg........ vel nøgd og full i inspirasjon til å prøve meir.
Skogstur neste:) kansje?


I tillegg fekk eg hekla meg eit hjarte i 1-tråds spunne lingarn av Ullrommet


Vel på plass på trappa mi


Med urtegrein, lavendel og kobbertråd.


Litt adventsstemning frå terrassen. 


Tusen takk for jille og kreativ kveld. Heldig eg som får gå saman med desse kreative og goé damene.
Ha ei fin adventstid og goé helg. I morgon er jo det torsdag alt.


Klem
Lilla dør

mandag 24. november 2014

Vintervimplar på terrassen



 Eg hadde store planer om hekle slik snøkrystaller men så kom eg over desse. Ferdig stiva og heimehekla truleg (såg slik ut). På ein blomsterbutikk. Kupp igjen:)


 Vimplel"stoffet "kjøpte eg i haust heime i Florø, på Princess. 


 I helga klippe eg og sydde dei. Brukte skråbånd som tau mellom vimplane. 


 Testa ut ideen:)






Forsatt litt grønt på terrassen. Rosmarinbusken trivst ute.
Det gjer eg og: jillt med kaffi kopp eller to ute sjølv om det er vinter; se her



 Hengde dei hekla stjernene mellom vimplane.


 Flott krystaller.... kunne ha tenkt meg ennå fleire av desse. 




Takk for at du såg innom.
Ekstra takk til dokke som legg igjen eit ord eller to:)
Ha ei kreativ veke.

Klem
Lilla dør

søndag 23. november 2014

Ferdig!


 Klare til bruk. Sist helg gjekk eg på kurs i Krydret strikk med Charlotte Kaae


I eit julemagasin til "alt om håndarbeid" fann eg fleire mønster av Charlotte, mellom anna lue:) Kanskje eg skulle leite litt i restgarnet å strikke ei slik lue:)

Klem
Lilla dør

lørdag 22. november 2014

Snart desember


Idag var det flott lørdag..... Me var ute og førebudde adventstida med å montere lys på pilkrussedullen og juletrea ut. Fekk kosta vekk resten av lauva og. ( Eg trur eg skal ynskje meg ein lauvsamler med pose til jul)
 Ekstra jillt var det at me kunne ta lunsjen ute.


Varm sjokolade og grove brødskiver smakte fantastisk.........ute i godt lag:). 



 (før eg var byrja samle og koste lauvet)





Denne grana har eg tenkt ha i drivhuset.


Kaffi, bål og go´e tid = fantastisk = kvalitetstid



Frå drivhuset....... måtte teste at lys virka:)

 

Lyskrona på plass på terrassen
Som sagt måtte me teste om det virka sjølv om det er ei veke til desember:) 
Eg trur eg må slå av til nese helg, gleder meg til desember. Eg liker denne førjulstida........ mykje lys og varme. Gjeld å sjå og nyte den.