Broderen med familie og me var invitert på middag i Bergen til mi kjære svigerdatter og sønn. Etter ein fantastisk middag fekk me servert dessert. Om det var dei vaksne eller ungane som likte det best veit eg ikkje. Eg trur det smakte for alle:)) Eg var imponert over måten den var tillaga på.
Ein tom valnøttboks var dekorert med decorlimband. Fylt med ris og bølgepapp. Slik at det vart både stødig og tungt. Deretter tredde ho frukt og blåbær på pinne saman med eit gelehjerte og skumsnop på toppen.
Fryd for munn og auge....
Fantastisk!
Eit litt sunnere alternativ...men fortsatt kjempe kreativt. Blåbær på lyng til sjølvplukk:))) Som det står på glasset 45% blåbær så då må jo resten vera lyng:)
dei smakte godt og det var gildt med sjølvplukk.
Takk for at eg fekk dele ideane dine Ingri! Du er kjempekreativ og flink.
Klem